Margit (105) har lese avisa heile livet:

Trufast abonnent

Ho har opplevd to verdskrigar og levd i to århundrer. Ho var aktiv i Røde Kors barnehjelpen til ho var over hundre år, og har drive eigen butikk på Leirvik og alltid vore hjelpsam og engasjert. Men er det éin ting som har følgd Margit Engen (105) gjennom eit innhaldsrikt liv, så er det lokalavisa Sunnhordland.

- DET VAR FAR min som abonnerte først. Så overtok eg abonnementet hans. Me hadde same adresse, veit du.

Margit Engen (105) er tydeleg på at avisa alltid har betydd mykje for ho - og at ho framleis gjer det.

Margit Engen smiler av minna som kjem fram. I heimen hennar på Knutsaåsen har eit langt og innhaldsrikt liv fått plass på eitt rom. Kvar minste detalj her har ei forteljing frå eit liv som er levd. Som samlinga av fingerbøl i eit lite skap på veggen. Eller det vakre biletet i haustfargar som mannen hennar, Magne Engen, har sydd for hand.

Frå veggane er bilete av dottera Liv Berit Haukanes, barneborn, oldebarn og tippoldebarn. Svunne tider. Gode minner. På bordet ligg gule kamferdrops og ei utgåve av Sunnhordland.

- Det var mor som lærde meg å lesa. Eg har lese avisa heile livet, fortel ho.

Margit Engen (105) er tydeleg på at avisa alltid har betydd mykje for ho - og at ho framleis gjer det.

Margit Engen (105) er tydeleg på at avisa alltid har betydd mykje for ho - og at ho framleis gjer det.

- Dagen vert ikkje heilt den same utan avisa, seier Margit.

- Dagen vert ikkje heilt den same utan avisa, seier Margit.

MARGIT ENGEN ER FØDD og oppvaksen på Leirvik. I sju år gjekk ho på Leirvik skule, og som femtenåring byrja ho å jobbe på kvileheimen for sjukesøstrer som budde på Lyhaugen. Seinare var ho innom Samvirkelaget i Borggata, før ho var over tretti år hos Klingsheim. Ho dreiv også Handarbeidsstova saman med dottera og ei venninne.

- Dagen vert ikkje heilt den same utan avisa, seier Margit.

Den store kjærleiken trefte ho i Magne Engen, som ho var gift med i 57 år. Då dottera deira gjekk i fyrste klasse, flytta den vesle familien til Sørlandet. Her vart dei verande i fire år - den einaste tida Margit har vore vekke frå øya.

Sjølv då var det viktig å følgja med på kva som skjedde på heimstaden.

- Me hadde Sunnhordland med oss til Sørlandet. Det var langt å gå til postkassen, minnast eg. Me slåss nesten om kven som skulle lesa avisa først, smiler ho.

MARGIT HAR ALLTID LIKT å følgja med på kva som skjer i samfunnet rundt seg. Ho var aktiv i Røde Kors barnehjelpen til ho var over hundre år, der ho mellom anna sydde og strikka gevinstar. Som menneske er ho hjelpsam og sosial.

- Eg likar å få med meg det som hender rundt meg. Difor les eg avisa, seier ho. Smilet er aldri langt unna.

- Kva likar du best å lesa om då, Margit?

- Eg likar best å lesa om ting som hender, forklarar ho - før det kjem fram at sportssidene engasjerer minst.

- Men du har drive med turn, har du ikkje?

- Jo. Men eg var ikkje så flink til det. Ein kan ikkje vera god til alt her i livet, ler ho.

Sunnhordland 7. juni 1915, to dagar etter at Margit vart fødd.

Sunnhordland 7. juni 1915, to dagar etter at Margit vart fødd.

5. JUNI 1915. Margit deler fødselsår med fleire kjende personar, som Frank Sinatra, Ingrid Bergman og Edith Piaf.

Avisa Sunnhordland hadde vore utgjeven i knappe tretten år dette året.

Både avisa og samfunnet rundt har endra seg svært mykje i levetida til Margit. Mediebransjen har gått gjennom ei digitalisering, og papiravisa har endra både format og innhald. Bilete tek i større grad plass og uttrykket er blitt annleis.

Likevel er formålet med avisa det same i dag som då ho kom ut for 118 år sidan.

Sunnhordland 7. juni 1915, to dagar etter at Margit vart fødd.

- Eg hugsar godt brannen på Furuly og familietragedien på Bjelland. Då følgde me godt med i avisa. Det var der me fekk vita kva som var skjedd og heldt oss oppdaterte. Det same med dette viruset som er no, held Margit fram.

EIT RASKT SØK I Sunnhordland sitt digitale arkiv viser at Margit ikkje er ein ukjend figur i reportasjesamanheng. Heile 141 gonger dukkar namnet hennar opp i avisa.

Søkeresultatet famnar om alt frå gratulasjonar og faste treff med venninner på Hagerupshuset, til dei åra ho gjekk mannekeng for Irgens i Borggata. Det er også ein reportasje frå då ho var 99 år og feira med eit besøk i gruvene på Litlabø, der mannen hennar arbeidde i mange år.

Ho smiler og nikkar nøgd når ho får sjå reportasjane og bileta.

- Sjå der, ja! Det var kjekt.

Faksimile Sunnhordland, 8. mai 2017.
Mannekeng for Irgens i Borggata. Her saman med Per Ståle Lønning.

Faksimile Sunnhordland, 5. juni 2015.
Margit har alltid vore interessert i mote. Her heime i leilegheita på Vikjo i anledning 100-årsdagen hennar.

Faksimile Sunnhordland, 6. juni 2014.
Inne i gruvene på Litlabø, der mannen hennar jobba i mange år. Dette i forbindelse med 99-årsdagen hennar.

ARKIVFUNKSJONEN TIL SUNNHORDLAND ER eit ypparleg verktøy om du vil lesa gamle aviser eller søka etter spesielle frasar eller emne. Ein kan enkelt datofeste tidsrommet ein søker i. Ein kan også lese alle avisene som er kome ut, heilt sidan den fyrste avisa, 1. mai 1902.

Margit vert overraska då me syner ho avisframsida frå to dagar etter at ho vart fødd. På framsida er reportasjar om Sunnhordlandsfana som er komen fram, samt "England og stillingens krav" og "Tyskerne kan være gemytleg". Sardinfabrikken søker også "to konfirmerte gutter".

- Du veit det, at eg kjende redaktøren (Jens Hystad, grunnleggjar av Sunnhordland) og fruen hans. Det var flotte folk. Eg neia alltid når eg møtte dei, røper ho.

Eit høgdepunkt. Slik omtalar Margit avisa.

Ho fortel at nesten alle på avdelinga på Knutsaåsen les Sunnhordland. Det er papiravisa som gjeld - og Margit fortel at ho er godt nøgd med innhaldet. Dagen vert ikkje heilt den same utan avisa, kan ho fortelja.

Ho lyser opp når ein av dei tilsette på Knutsaåsen kjem inn med ei rykande fersk utgåve av dagens avis.

Margit takkar og tek imot før ho studerer framsida nøye. Augo er kvikke og raske. Deretter snur ho om til baksida. Les litt stykkevis, men forsikrar om at heile avisa vert lesen.

- No er det snart middag. Du får spara lesestoffet til etterpå, seier den tilsette.

- Ja, eg får det, svarar Margit - utan å leggja frå seg avisa.