Investerte i eiga fritid

Dårleg samvit for alt han burde gjort, førte til at Sigbjørn Arvid Sætre kjøpte ein topp moderne leilegheit med tilhøyrande sjøbod i Teinevikjo.

No kan han sjå båten frå den nya stova si, og fortel at han aldri har angra på valet.

- Eg har fått rikeleg med fritid etter at eg flytta i leilegheit. Tid til å driva med det eg likar aller best: fiske, jakt, vera bestefar og å vera saman med sambuaren min, smiler han.

- Eg sat i stova då eg såg ein makrellstim. Akkurat her nede.

Sigbjørn Arvid Sætre peikar ned på sjøen som skvulpar like utanfor stoveglaset. Makrellen hadde kome inn i hamnebassenget og teke ein u-sving under pålane som Teinevikjo er bygd på.

- Då var eg raskt nede med fiskestonga og tok nokre kast frå båten. Han beit ikkje den gongen, men det var ei flott oppleving likevel, humrar Sætre.

Det er ein mild novemberdag. Himmelen er gråbleik og Leirvik sentrum er pakka inn i eit tynt slør av duskregn. Heile verda bit negler i påvente av kven som vinn det amerikanske presidentvalet og koronapandemien strammar grepet om landet vårt.

Sætre sit på heimekontor og betraktar båt-trafikken frå stovevindauga. 41 år i Kværner, 26 av dei i HR-avdelinga.

Snart er han pensjonist, men han har framleis nokre gode år att i arbeidslivet.

I Teinevikjo bur ein tett på sjøen: - Eg kan faktisk seia at eg bur på sjøen, ettersom blokkene er bygde på pålar i vatnet, smiler Sætre.

- Eg har alltid likt meg godt på sjøen. Tidlegare hadde eg hus og hage i Lauvdalen, eit steinkast unna arbeidsplassen min. Eg hadde fiskeutstyret i garasjen og måtte bera det i bilen og køyra det til sjøen kvar gong. Men når eg var utpå, hadde eg alltid dårleg samvit for alt eg skulle gjort heime i staden. Med hus og hage er det alltid noko å henga fingrane i, alltid noko som treng vedlikehald.

I Teinevikjo bur ein tett på sjøen: - Eg kan faktisk seia at eg bur på sjøen, ettersom blokkene er bygde på pålar i vatnet, smiler Sætre.

I Teinevikjo bur ein tett på sjøen: - Eg kan faktisk seia at eg bur på sjøen, ettersom blokkene er bygde på pålar i vatnet, smiler Sætre.

Frå sofakroken kan Sætre sjekka om fortøyinga til båten er i orden.

Frå sofakroken kan Sætre sjekka om fortøyinga til båten er i orden.

Båtplassen i Leirvik hamn har han hatt sidan han flytta til Stord i 2011. Og det var akkurat her, ved båtplassen, at det heile starta - heilt tilfeldig.

- Ein dag eg skulle sjå om båten var det sett opp visningstelt og rigga til med krane her nede for å presentera bustadprosjektet Teinevikjo. Dette var før bygignga var påbyrja i det heile. Eg hugsar at ein kunne få koma opp i krana og sjå utsikta ein ville få frå leilegheitane. Eg gjekk heim med prospektet i hendene den dagen, og det var ikkje vanskeleg å bestemma seg, smiler han.

- I Teinevikjo fekk eg ein topp moderne leilegheit med utsikt ned til båtplassen min. I tillegg var det parkeringsgarasje og moglegheit for å kjøpa sjøbod. Alt er vorte mykje enklare etter at eg flytta hit. No har eg rikeleg med fritid, go treng ikkje tenka på vedlikehald meir.

Han røper at den sentrumsnære lokasjonen til Teinevikjo også var ein avgjerande faktor.

- Eg ynskja å bu sentralt, men utan all biltrafikken rundt meg. Difor var Teinevikjo perfekt. Samstundes er det berre ein kort spasertur unna butikkar og alt eg treng, fortel han, og innrømmer at bilkøyringa har gått kraftig ned etter at han flytta inn.

Leilegheita til Sætre ligg i første etasje i A-blokka. 108 kvadratmeter, to soverom, to bad, bod, kjøkken og ei stor stove med ei utsikt som kan ta pusten frå dei fleste. Tre enorme vindauge gir panoramautsikt over heile hamnebassenget og like heim til øyperla Halsnøy, der han vaks opp.

- Det er medisin å stå opp til denne utsikta. Eg veit ikkje korleis eg betre kan forklara det.

Solgangen er også eksepsjonell: På den austvendte terrassen kan han nyte morgonsola medan han ser byen som vaknar til liv. Frå altanen får han med seg kveldssola, heilt til ho synk ned over tretoppane i vest.

- Dessutan er det kjekke naboar her. Folk i alle aldrar bur i blokken her, og det er ikkje sjeldan at ein høyrer lyden av barneføter som spring i trappene. Utanfor er det fint opparbeidd og tilrettelagt, og mange nyttar promenaden til trilleturar eller lufteturar med hunden. Det er ikkje sjeldan me høyrer turistar og andre skryte over kor fine blokkene er, og kor fint det er her. No ventar me berre på strandpromenade heile vegen bort til kyrkja, spøker han.

Sidan han kom tidleg inn i prosessen, har Sætre gjort sine eigne val i høve til løysingar i leilegheita.

- Eg tenkte nøye gjennom, og forhøyrde meg med vener, før eg var sikker på korleis eg ville ha leilegheita. No, halvtanna år etter, kan eg seia at eg ville gjort akkurat det same ein gong til. Eg er svært nøgd med korleis eg har fått det, smiler han.

Han sparar heller ikkje på godorda når det gjeld byggherrane Engelsen Entreprenør og Ing. Jørgensen AS.

- Dei skal ha mykje skryt i denne prosessen. Alt har gått saumlaust for seg. Har det vore spørsmål eller andre ting som har dukka opp, har dei alltid vore tilgjengelege og ordna opp på flekken.

Den aktive 64-åringen sit også i styret til Teinevikjo. Akkurat no vert det ferdigstilt ei felles leilegheit som skal vera disponibel for alle som bur i dei tre blokkene. Her vil det verta rigga til med kjøkken, stor TV, sofakrok og bad.

Tanken er at ho skal kunna nyttast til sosialt samkome, anten det er for å sjå fotballkamp eller driva klubb.

Om bebuarar har trong for å låna leilegheita til eigne gjester, vil det også vera mogleg.

- Leilegheita skal vera disponibel for alle oss som bur her. Me håpar og trur det er eit tilbod som vert godt brukt. Førebels har me fått mange positive tilbakemeldingar, seier han.

Sætre har saltvatn i blodet. Båt og fiske har alltid lege hjarta hans nære, og han har søkt seg til båtlivet så ofte han har kunna opp gjennom åra.

Den aktive 64-åringen fyller også fritida med fleire andre interesser: i mange år var han aktiv i Bremnes Idrettslag, og er i dag titulert som æresmedlem. Om hausten er han ein ivrig jeger, og jaktar både småvilt og hjort.

- Eg trur at eg har om lag hundre timar i båten årleg etter at eg flytta hit. Det er langt meir enn tidlegare, seier han nøgd.

For tida er båten eit pusterom i kvardagen. Han fiskar, set garn og teiner, eller hoppar mellom øyane i regionen. Nokre av fiskeplassane er hemmelege - det er slikt som skal overførast til neste generasjon. Dei to barneborna tek han med i båten så ofte han kan.

- Det er ei spesiell kjensle, det at eg kan sjekka fortøyinga til båten frå sofakroken.

I sjøboden har Sætre alt han treng til fisketurar og fritidsinteresser. Eit par gamle hummarteiner som far hans laga, har fått heidersplass.

I sjøboden har Sætre alt han treng til fisketurar og fritidsinteresser. Eit par gamle hummarteiner som far hans laga, har fått heidersplass.

Jakt og fiske heng side om side - her eit par årer i skjønn foreining med eit jakttrofé. Alle jakttrofea er nummererte. I ei lita bok har Sætre oversikt over kor tid dyret var fanga og korleis det gjekk til.

Jakt og fiske heng side om side - her eit par årer i skjønn foreining med eit jakttrofé. Alle jakttrofea er nummererte. I ei lita bok har Sætre oversikt over kor tid dyret var fanga og korleis det gjekk til.

Nettopp på grunn av kjærleiken til sjøen, kjøpte Sætre sjøbod samstundes som han kjøpte leilegheit.

Teinevikjo har 28 sjøbodar, der 12 framleis er ledige.

I sjøboden har Sætre alt han treng til fisketurar og fritidsinteresser. Eit par gamle hummarteiner som far hans laga, har fått heidersplass.

Sjøboden har han innreia med fiskeutstyr, trofé frå jaktturar, og minne frå barndomen. I det inste rommet har han laga til ein arbeidsbenk, der han reparerer utstyr eller lagar ting. I det ytste rommet har han ein sofa og ein liten kjøkkenkrok.

Han innrømmer at det fort går mange timar i den tjue kvardratmeter store sjøboden.

- Dette er min "man cave", er det ikkje det ein kallar det?

Jakt og fiske heng side om side - her eit par årer i skjønn foreining med eit jakttrofé. Alle jakttrofea er nummererte. I ei lita bok har Sætre oversikt over kor tid dyret var fanga og korleis det gjekk til.

Han ser rundt seg. Veggane er fylte med minner og utstyr frå eit liv med gode minner, og han gler seg til å skapa fleire i Teinevikjo.

- Du kjem til eit punkt der du ynskjer meir fritid, og tid til å gjera det du likar best. Det er inga tvil om at eg har fått rikeleg av det etter at eg flytta inn her, avsluttar han med eit smil.

Dette er Teinevikjo

  • 37 leilegheiter fordelt på tre blokker
  • Svært høg standard
  • Gode solforhold og unik sjøutsikt
  • Eigen parkeringsplass i parkeringsgarasje
  • Forkjøpsrett på sjøbod og båtplass
  • Sentrumsnært
  • Nær turområde
  • Nøkkelferdig med dine tilval
  • Frå 97 - 127 m2
  • Frå kr. 4.790.000,- - 7.060.000,- + omk.

Seks ledige leilegheiter

Elisabeth Nonås Fylkesnes er eigedomsmeklar for leilegheitene i Teinevikjo.

- Her er det leilegheiter med gjennomgåande god kvalitet og gjennomtenkt planløysing. Du kjem så tett på sjøen som mogleg. I tillegg er det gode solforhold for alle leilegheitene, gode terrassar, utsikt mot sjøen - og du treng ikkje å tenkja på vedlikehald og plenklypping, seier ho.

Seks leilegheiter står ledige i Teinevikjo, med fem ulike planløysingar - som passar ulike situasjonar. Leilegheitene har 2-4 soverom og storleik frå 97 - 127 kvm.

- Kjøparane i Teinevikjo er i alle aldersgrupper, frå pensjonistar til yngre par med og utan born.

Fylkesnes skryt over området: - Det er verkeleg eit flott tilrettelagt område. Her får du parkeringsplass som medfølgjer i prisen når du kjøper. Parkeringsanlegget ligg under dei tre blokkene, med trapp og heis ned frå kvar blokk. Sjøbodane ligg i front av parkeringsanlegget. Mellom blokkene er det dessutan tilrettelagt med leikeplass, steinheller og beplanting. Det er også trapp frå uteområdet til kaien og sjøbodane. I front av blokkene er det laga til ein fantastisk fin promenade, som mange brukar som turløype ut til Storddøra. Her er det verkeleg godt tilrettelagt for at du skal trivast, smiler ho.

Sjøbodane varierer i storleik frå 20 - 32 kvm. Prisane ligg frå kr. 660.000,- til kr. 970.000,-. Av totalt 28 ledige sjøbodar er det i dag 12 ledige.

- Mange bruker sjøbodane uilikt. Her har du ei unik moglegheit til å lage deg kaistova, eit treningsrom, bruka det til oppbevaring, hobbyverkstad eller ein stad for fiske - og båtutstyr, seier ho.

Interessert? Kontakt seljar

Elisabeth Nonås Fylkesnes
Tlf. 970 61 685
enf@aktiv.no

www.teinevikjo.no