Ei trygg hamn

Med topp moderne leilegheit i Teinevikjo, seglbåten like ved og eiga sjøbod på kaiplan har Marius og Eirin Filtvedt van Gool fått både tid og plass til å dyrka interessene sine.


Sommaren er like om hjørnet. Sjøen ligg blikkstille og i båthamna utanfor Teinevikjo yrer det av liv. Nokre ser om båten, andre skal ut og prøve fiskelukka. Eit par turistar med bergensdialekt ruslar forbi, peikar på leilegheitene og kommenterer kor fint plasserte dei er.

På promenaden utanfor står Eirin og Marius Filtvedt van Gool saman med kvalpen Birk. Det var kjærleiken som førde Marius til Stord - og saman flytta dei inn i B-blokka like over nyttår i 2020. Dei legg ikkje skjul på at dei trivst svært godt.

- Me bur midt i paradis, seier Marius med eit smil.

Seglbåten deiera ligg til kai utanfor Thiisafabrikken, eit steinkast unna. Ein 45 fot stor Beneteau First 44,7.

Marius er flaska opp på sjøen, har saltvatn i blodet. Foreldra hadde sju ulike seglbåtar gjennom oppveksten hans, så det er kanskje ikkje så merkverdig at Marius har vidareført interessa.

Foto: Privat

Han nyttar seglbåten aktivt heile året, og har fleire gonger kjent sjøsprøyten mot andletet medan han har segla langs norskekysten, både til Harstad og Oslo. Han har også hatt vinden i segla med stø kurs over Nordsjøen, like til Shetland, fleire gonger.

- Ein av grunnane til at me valde å butsetja oss her i Teinevikjo, var at eg fekk båtplass like utanfor her. No kan eg omtrent gå tørrskodd for å sjå om han. Då eg budde i Bergen måtte eg køyre i både femten og tjue minutt kvar gong eg skulle i båten. Det slepp eg no, seier han nøgd.

Foto: Privat


Eventyrlysten har prega Marius heile livet.

Han er utdanna lege og har lang erfaring både frå Sjøkrigsskulen og andre institusjonar. Han har jobba tretten månadar som lege i Antarktis og vore i felten i Belize. For tida jobbar han som anestesioverlege i Fitjar, men over sommaren går han over til å verta fastlege og smittervernlege/kommuneoverlege på Fitjar.

Jobbskiftet kjem mellom anna av eit ynskje om meir fritid og moglegheit til å dyrka interessene sine. Sjølv om han har fått jobb i nabokommunen, skiftar han ikkje bustadadresse av den grunn.

- Planen er å bruka både seglbåten og racersykkelen til jobb, i tillegg til bilen. Me likar oss alt for godt her i Teinevikjo til at me vil flytta på oss, seier dei.

Frå den austvendte terrassen kan Filtvedt van Gool nyta morgonsola.

Foto: Privat

Foto: Privat

Foto: Privat

Foto: Privat

Frå den austvendte terrassen kan Filtvedt van Gool nyta morgonsola.

Frå den austvendte terrassen kan Filtvedt van Gool nyta morgonsola.

Frå stovevindauga ser Marius båthamna og hamnebassenget. I vindaugskarmen står ein modell av ein seglbåt.

Frå stovevindauga ser Marius båthamna og hamnebassenget. I vindaugskarmen står ein modell av ein seglbåt.

Då dei kjøpte var Teinevikjo nyleg ferdigstilt, og dei kunne velje leilegheit frå øvste hylle: Både leilegheitene i front og dei bakarste var ledige.

Valet fall på ei av dei bakarste.

- Sjølv om leilegheita vår ikkje ligg i front, har me svært god utsikt og solgang. Me valde Teinevikjo av den enkle grunn at me ynskja å bu i dette område med lite trafikk, kveldssol og kort veg til hamna og fine turområde på Gullberg. Me trivst rett og slett svært godt her, forklarar Eirin.

- Det vart jo også avgjerande at me fekk båtplass like utanfor her, supplerer Marius. - Og når du har budd i einebustad heile lievet, er det mykje som skal med når ein flyttar i leilegheit. Difor er det greitt å ha god plass.

Nettopp difor valde dei å kjøpa ei 32 kvadratmeter stor sjøbod i tilknyting til leilegheita.

Denne har dei innreia sjølv, med og det er inga tvil om at sjøboden vert brukt til Marius si store interesse: ølbrygging.

På veggane heng sjøkart, ølfat, bryggarforkle og minne frå eit langt liv på sjøen. Hyllene er fylte opp med utstyr og ingrediensar, og på den eine veggen heng bortimot hundre vinflasker. Ein skiljevegg er sett opp for å dela rommet i to.

I sjøboden driv Marius med ølbrygging. I tillegg fungerer han som oppbevaringsstad for båtutstyr og andre ting.

- Sjøboden var eit godt val. Her har me alt av ekstra utstyr til seglbåten, eit par kajakkar, tre racersyklar og elles alt me ikkje treng tilgjengeleg i leilegheita, seier Marius.

Det som tek mest plass er likevel ølbrygginga.

- Det er supert å ha ein eigen plass til dette, fortel han ivrig. - Så vert det jo gjerne sosialt, då, når ein står her nede på kaiplan med døra open. Ein kjem lett i prat med både forbipasserande og naboar, og eg har fått fleire nye kjende etter at me flytta hit. Det er veldig hyggeleg.

Marius og Eirin har innreia sjøboden sjølv. På veggane heng minne frå både båtliv og ølbrygging.

- Kor mykje tid bruker du her nede i sjøboden, då?

- Ikkje så lang tid, ymtar han frampå, til eit kvast blikk frå Eirin. - Det vert ikkje så mange bryggedagar, då. Men eg er ofte nede og ser at alt går rett føre seg.

I denne boka skriv Marius ned oppskrifter og framgongsmåtar for ølbrygginga.

I denne boka skriv Marius ned oppskrifter og framgongsmåtar for ølbrygginga.


I det spegelblanke hamnebassenget gjer eit dusin seglbåtar seg klare for regatta. Det kriblar i Marius. Snart skal han delta med Beneteau-en. Når vinden tek tak i segla og styrer båten gjennom bølgjene, kjenner han på ei kjensle av fridom. Og nettopp denne kjensla er det han håpar å få kjenna oftare framover.

- Dette er blitt den trygge hamna vår. Me vil ikkje flytta frå Teinevikjo. Livet her er alt for enkelt til det, smiler dei.

I sjøboden driv Marius med ølbrygging. I tillegg fungerer han som oppbevaringsstad for båtutstyr og andre ting.

I sjøboden driv Marius med ølbrygging. I tillegg fungerer han som oppbevaringsstad for båtutstyr og andre ting.

Marius og Eirin har innreia sjøboden sjølv. På veggane heng minne frå både båtliv og ølbrygging.

Marius og Eirin har innreia sjøboden sjølv. På veggane heng minne frå både båtliv og ølbrygging.

Dette er Teinevikjo

  • 37 leilegheiter fordelt på tre blokker
  • Svært høg standard
  • Gode solforhold og unik sjøutsikt
  • Eigen parkeringsplass i garasje
  • Forkjøpsrett på sjøbod og båtplass
  • Sentrumsnært
  • Nær turområde
  • Nøkkelferdig med dine tilval
  • Frå 97 - 159 kvm
  • Frå kr. 4.790.000,- til 7.060.000,- + omk.

To ledige leilegheiter

Elisabeth Nonås Fylkesnes er eigedomsmeklar for leilegheitene og sjøbodene i Teinevikjo.

- Her er det leilegheiter med gjennomgåande god kvalitet og gjennomtenkte planløysingar. Du kjem så tett på sjøen som mogleg. I tillegg er det gode solforhold for alle leilegheitene, gode terrassar, utsikt mot sjøen - og du treng ikkje å tenkja på vedlikehald og plenklypping, seier ho.

To leilegheiter står ledige i Teinevikjo, med to ulike planløysingar som passar ulike livssituasjonar. Leilegheitene har 2-4 soverom og storleik frå 97 - 159 kvm.

- Kjøparane i Teinevikjo er i alle aldersgrupper, frå pensjonistar til yngre par med og utan born.

Fylkesnes skryt over området: - Det er verkeleg flott tilrettelagt! Her får du parkeringsplass som medfølgjer i prisen når du kjøper leilegheit. Parkeringsanlegget ligg under dei tre blokkene, med trapp og heis ned frå kvar blokk. Sjøbodene ligg i front av parkeringsanlegget. Mellom blokkene er det dessutan tilrettelagt med leikeplass, steinheller og beplanting. Det er også trapp frå uteområdet til kaien og sjøbodene. I front av blokkene er det laga til ein fantastisk flott promenade, som mange brukar som turløype ut til Storddøra. Her er det verkeleg godt tilrettelagt for at du skal trivast, smiler ho.

Sjøbodane varierer i storleik frå 20,5 - 32 kvm. Prisane ligg frå 670.000,- - 970.000,-. Av totalt 28 sjøbodar er det i dag 9 ledige.

- Mange bruker sjøbodane ulikt. Her har du ei unik moglegheit til å laga deg kaistova, eit treningsrom, bruka det til oppbevaring, hobbyverkstad eller ein stad for fiske- og båtutstyr, seier Fylkesnes.

Interessert? Kontakt seljar

Elisabeth Nonås Fylkesnes
Tlf. 970 61 685
enf@aktiv.no

www.teinevikjo.no