Best på Ford

Vabakkjen har vakse fram til å bli ein sentral stad på Stord med ei stor mengde besøkjande - Sunnhordland Bil er intet unntak.


Per Harald Lunde gler seg over mange spanande bilnyheiter i 2020. Her saman med Ford Mustang Mach-E som er i forhåndsbestilling.

Både innanfor og utanfor Sunnhordland Bil står nye modellar av privatbilar og firmabilar av typen elektrisk og hybrid i polerte fargar.

I 2015 bygde bedrifta ut lokalet sitt, som har utvikla seg til ein betre lokasjon gjennom åra.

- Me har no to etasjar og eit samla areal på om lag 1000m². Før var ikkje Vabakkjen den beste lokasjonen, men no finn ein rett og slett alt her! Det er ikkje bare praktisk for kunden, men óg for dei ansatte, fortel Per Harald Lunde, dagleg leiar for Sunnhordland Bil.

per harald lunde foran ford mustang mach-e

Per Harald Lunde gler seg over mange spanande bilnyheiter i 2020. Her saman med Ford Mustang Mach-E som er i forhåndsbestilling.

Per Harald Lunde gler seg over mange spanande bilnyheiter i 2020. Her saman med Ford Mustang Mach-E som er i forhåndsbestilling.

Sunnhordland Bil spesialiserer seg innanfor bilmerket Ford. Dette gjer at kunden vert servert ein svært fokusert kompetanse, og bedrifta er difor svært konkurransedyktige.

- Om eg kunne bestemt, så skulle alle bilforhandlarane på Stord ha vore her på Vabakkjen. Då hadde det vorte stor konkurranse, men kanskje viktigast: stort utval for kunden, smiler Lunde.

Faksimile frå Sunnhordland.

Faksimile frå Sunnhordland.

Då Lunde starta opp i 1999 var det berre fire tilsette. I dag har dei vakse til å telje 11 tilsette, og i 2019 omsette bedrifta for heile 55 millionar kroner. Målet for framtida er å halde stø kurs.

- Me har gjort dette i 20 år, så kvifor ikkje gjere det i 20 år til? Det er viktig å halda seg oppdatert og vera open for å læra nye ting. I dag er det eit stort marknad for å halde ting elektrisk, grunna den positive verknaden på miljøet, seier han.

Sunnhordland Bil har fleire nye modellar på vent, blant desse er Ford Explorer hybrid med firhjulstrekk, Ford Kuga ladbar hybrid, og ikkje minst Ford Puma med 6-trinns manuell girkasse.

Nyheita som Lunde er mest begeistra for, er den elektriske Mustang Mach-E.

- Mustangen har ei rekkevidde på inntil 600 km og kan gå frå 0-100 km/t på under 7 sekund. Det er kjekt å sjå at folk blir begeistra når me satsar på elektriske bilar. Denne blir ikkje tilgjengeleg før hausten 2020, men eg har allereie fått inn 30 bestillingar, smiler Lunde.

Samstundes kan Sunnhordland Bil levere fleire elektriske bilar, då bedrifta har eit godt samarbeid med Hauesund Auto, og fungerer som eit agentur for Jaguar og Landrover. Ein får difor prøvekøyra bilane her på Stord, før ein gjer eventuelle kjøp.

Opningstider:
Måndag & torsdag - 07:00 - 17
Tysdag, onsdag & fredag - 07:00 - 16:30
Laurdag - 10:00 - 13:00

firmapost@sunnhordlandbil.no
Tlf. 53 40 37 90
www.sunnhordlandbil.no

Sunnhordland Bil logo