Sjå utvalet hos Sunnhordland Bil!

- Endeleg er Ford Mustang på lager!

Her finn du ei oversikt over populære elektriske og hybride bilar hos Sunnhordland Bil.

Stikk gjerne innom for prøvekøyring!

Maxus Euniq MPV

- For heile familien -

Det har vore få elektriske alternativ for dei som ynskjer ein sju-setar med god plass.

Endeleg er Maxus Euniq MPV tilgjengeleg på norske vegar, og melder seg med dette inn i ein eksklusiv klubb av elektriske 7-setarar.

Einar Brandvik Nilsen hos Sunnhordland Bil fortel om nøgde kundar som har skaffa seg Euniq.

Einar Brandvik Nilsen hos Sunnhordland Bil.

- Dette er ein solid familiebil. Moglegheit for takstativ og tilhengar aukar i tillegg bruksområda, fortel han.

- Køyreeigenskapane står til gull. Det er lite vegstøy og høg køyrekomfort. Ei behageleg og god oppleving, rett og slett. Dette bør vera det soleklare alternativet for deg som har ein aktiv kvardag eller som treng plass til heile barneflokken - og gjerne eit par vener.

Einar Brandvik Nilsen hos Sunnhordland Bil.

Einar Brandvik Nilsen hos Sunnhordland Bil.

Raude detaljar i skinnsetene.

Raude detaljar i skinnsetene.

Romsleg bagasjerom.

Romsleg bagasjerom.

Elektrisk familiebil

Det er ikkje til å koma frå at det har vore få elektriske alternativ i dette segmentet.

- Euniq er den første elektriske familiebilen som kjem til ein overkommeleg pris. Og sjølv om bilen er stor med sine 4,82 meter i lengda og 1,84 meter i breidda, har den ikkje "kassebil"-preget som mange fleirbruksbilar har, seier Nilsen.

Maxus har i tillegg høg sitjestilling, presis styring og ei stor frontrute for suveren oversikt på vegen. Dette gir ein bil som er enkel å handtera, sjølv på tronge vegar.

Raude detaljar i skinnsetene.

Og for at køyringa skal bli endå enklare, kjem bilen med sensorar føre og bak, samt 360 graders kamera.

- Har du leita etter eit elektrisk alternativ som innfrir alle dine behov, bør du legga turen innom for å prøva Euniq.

Velutstyrt

Det er ingenting å seia på utstyret som følgjer med Maxus Euniq MPV.

Startprisen ligg på rett over 400.000 kroner. Då får du i tillegg hengarfeste opp til 400 kg og fester til takboks.

Romsleg bagasjerom.

- Dette er ein godt utstyrt familiebil. Maxus har gjort seg flid; her er mange fine detaljar, som raud dekor i skinnsetene, glasstak og stor plass. Seteradene er romslege, med god plass til barnesete. Ekstra stemningsfullt blir det med fargeskiftande lyslister inni bilen, som kjem til sin rett i mørket. Dette er ein bil som heile familien vert glad i, tipsar han.

Ford Mustang Mach-E

- Endeleg i butikk!

Det er få elbilar som er knytt like store forventningar til som Ford Mustang Mach-E. - Det skuldast nok ein kombinasjon av suveren rekkevidde, god pris - og sjølvsagt at det er ein Mustang, smiler Einar Brandvik Nilsen.

Hos Sunnhordland Bil har dei hatt svært god respons på Ford sitt nye flaggskip. Som eit elektrisk alternativ med klasseleiande rekkevidde, og med den ikoniske Mustang-logoen i grillen, har mange førehandsbestilt villdyret.

Per Harald Lunde (t.v.) og Billy Al Banna under overleveringa av ein av dei første Ford Mustang Mach-E på Stord.

Elbil for alle

Ford Mustang Mach-E er laga med den same lidenskapen som sitt ikoniske opphav, og er utvikla fullt og heilt etter kunden sine behov og ynskje.

- Både einslege og familiar, unge og eldre har førehandsbestilt bilen. Dette har verkeleg vorte ein salssuksess, og ventetida har vore lang. Difor er det ekstra kjekt at me no har begynt å levera ut Mustangen til dei som har bestilt, seier Nilsen.

Elbilen vert tilgjengeleg med både firehjulstrekk og bakhjulstrekk, i kombinasjon med stor (98,8 kWt) eller mindre (75,7 kWt) batteripakke.

Du kan også velja mellom to ulike utstyrspakkar.

Med tre unike køyremodus kan du velja moduset som passar deg best. Køyedynamikken og bilen sitt understell er fintilpassa den ynskja køyrestilen. Både styringa, regenereringa, lysa i kupeen, lyden og dei heildigitale skjermane skiftar karakter etter kva køyremodus du vel.

Per Harald Lunde (t.v.) og Billy Al Banna under overleveringa av ein av dei første Ford Mustang Mach-E på Stord.

Per Harald Lunde (t.v.) og Billy Al Banna under overleveringa av ein av dei første Ford Mustang Mach-E på Stord.

Foto: Ford

Foto: Ford

Smart teknologi

Mustang Mach-E treng ikkje tradisjonell nøkkel eller dørhandtak - i staden vil innovative tilkoplingsfunksjonar gi deg rask og enkel tilgang til bilen.

- Når Mach-E kjenner deg att, vil det visa ein lysande knapp. Då opnar du døra med eit enkelt trykk. Bilen veit korti du går frå han, og låser seg sjølv. Dette er verkeleg neste generasjons teknologi, kommenterer Nilsen.

Bagasjerommet rommar imponerande 402 liter, og frunken under panseret rommar 100 liter - til saman over 500 liter bagasjeplass, sjølv med alle setene i bruk.

- Mustang har lekre liner, eksklusivt interiør og er eit ordentleg blikkfang på vegen. Det er gledeleg å kunna seia at bilen endeleg er i butikk. Legg gjerne turen innom for prøvekøyring, oppmodar han.

Ford Kuga ladbar hybrid

- Kundefavoritten

Ford Kuga har vore ein kundefavoritt heilt sidan den kom på marknaden i 2007.

I fjor kom Kuga som ladbar hybrid, og med ei elektrisk rekkevidde på 56 kilometer, har denne bilen vorte svært populær.


- Me ser at kundane likar Kuga svært godt - og det er ikkje utan grunn. Forventningane til hybridversjonen var store, og den har verkeleg innfridd. Denne romslege SUV-en passar perfekt til familiebil, tipsar Einar Brandvik Nilsen.

- I tillegg er bilen svært godt utstyrt, uansett kva modell du vel. Premium-preget gir bilen det vesle ekstra - og han har mange kjekke funksjonar som ein enkelt kan verta glad i: som keyless go, handsfree bakluke og hengarfeste som kjem fram når du trykker på ein knapp.

Med bagasjerom på heile 510 liter får du med deg alt du treng, anten du har ein aktiv kvardag og vil ha plass til både barnevogn og sportsutstyr, eller du skal pakka heile familien med deg på hytta.

Kuga ladbar hybrid kjem i utgåvene Titanium, ST-Line og eksklusive Vignale.

Kontakt oss for prøvekøyring!

Tlf. 53 40 37 96
firmapost@sunnhordlandbil.no