Slik aukar du verdien og levetida på bilen din!

Bilen din kan vera så ny og blankpolert han berre vil. Det nyttar lite om han rustar frå innsida.

Auka verdi og levetid

- Den nye saltlaken som vert brukt på vegane er svært aggressiv. Klimaet her på Vestlandet er hardt for bilane. Vegsaltet og den høge luftfuktigheita gjer at ting rustar fort. Bilmodellane er heller ikkje konstruerte for forholda våre. Difor er antirustbehandling svært viktig, fortel Arne Tjelmeland, dagleg leiar for Sunnhordland Antirust på Heiane, Stord.

Tjelmeland har lang erfaring med behandlinga, der alle metalloverflater, kanalar og holrom vert sprøytt med Fluid Film - eller lanolinolje om du vil, for å stoppa rusten.

Rust pregar dei fleste køyretøy. Difor er det viktig med understellsbehandling.

- Ein bør ta vare på bilen. Difor er det svært viktig å førebygga med antirustbehandling. Å investere i behandlinga er eit smart grep om du vil auka verdien og levetida på bilen din, påpeikar Tjelmeland.

Likevel spelar det inga rolle kor rusta bilen din er - Fluid Filmen trekkjer gjennom rusten og sperrar for fukt og oksygen. Slik hindrar olja vidare rust, og gjer at ein ikkje treng å sandblåse bilen.

- Det spesielle med olja er at ho fortset å leva etter at ho er sprøytt på. Ho kryp heile 15 cm i året, forklarar han.

arne tjelmeland lyser etter rust på hjuloppheng

Rust pregar dei fleste køyretøy. Difor er det viktig med understellsbehandling.

Rust pregar dei fleste køyretøy. Difor er det viktig med understellsbehandling.

sunnhordland antirust verkstad

Sunnhordland Antirust held til i svært moderne lokale. Den eine løftebukken har ein kapasitet på 5,5 tonn - slik at bubilar, varebilar og lastebilar også kan behandlast.

Sunnhordland Antirust held til i svært moderne lokale. Den eine løftebukken har ein kapasitet på 5,5 tonn - slik at bubilar, varebilar og lastebilar også kan behandlast.

understell bil lanolinolje

Her har Tjelmeland nyleg sprøytt lanolinolje på understellet. Det gule er Fluid Film, som set ein effektiv stoppar for rust.

Her har Tjelmeland nyleg sprøytt lanolinolje på understellet. Det gule er Fluid Film, som set ein effektiv stoppar for rust.

Effektiv prosess

Frå du leverer bilen din frå deg til du får han att, tek det rundt fem timar. Den sentrale lokasjonen midt på Heiane gjer at kundemassen kjem frå heile Sunnhordlandsregionen, og Tjelmeland fortel at det hender tilreisande kundar ventar på Heiane medan behandlinga vert utført.

Mellom kvar hovudbehandling går det seks år, men ein bør etterbehandla etter to år. Dette får kunden ei påminning om.

Prosessen byrjar med at plastdeksel og innerskjermar vert tekne av. Deretter vert bilen tørka grundig før han vert reingjort med kjøletørka luft. Denne reingjeringsmetoden er svært effektiv, og fjernar alt av støv og skit.

Deretter vert Fluid Film sprøytt på alt av understell og overflater av metall, samt i alle holrom og kanalar.

- Til slutt forseglar me bilen med Fluid Film AR, ein sliesterk film som no har mindre lukt. Deretter monterer me delane og gir bilen ei grundig avfeitting og vask utvendig.

fasade stord dekkservice

Sunnhordland Antirust ligg i same lokale som Stord Dekkservice på Heiane.

Sunnhordland Antirust ligg i same lokale som Stord Dekkservice på Heiane.

Naturleg råstoff

Fluid Film har vore på marknaden sidan 1943, og er brukt av fleire store industriar verda over. Den amerikanske marinen er trufaste mot produktet, det same er offshorebransjen. ROV-fartøy og elektriske komponentar vert gjerne forsegla med Fluid Film.

- Olja som bilane vert behandla med, er det naturlege råstoffet lanolin. Eit heilt organisk og naturleg materiale, utvunne frå saueull. Det er eit heilt organisk og naturleg materiale, utvunne frå saueull. Det er god utnytting av ressursar, slår Tjelmeland fast.

Løysinga er både miljøvenleg og løysemiddelfri.

Fluid Filmen har mange bruksområde, og kan nyttast på både reiskap, verktøy og andre komponentar for å hindra rust.

Omsetningsauke

- Me har hatt 50% omsetningsauke i forhold til 2018, fortel ein nøgd leiar for Stord Dekkservice, John William Gundersen.

Det var tidlegare i år at regionens største dekksenter kjøpte opp Sunnhordland Antirust.

- Til no i år har me behandla over 500 bilar, både personbilar, bubilar og lastebilar. Me har også kapasitet til å ta oppdrag for industrien og landbruket - med ein mobil sprøytestasjon, fortel Gundersen.

Han trur det har vore avgjerande for suksessen å flytta Sunnhordland Antirust til Heiane, og skryt av Tjelmeland.

- Arne gjer ein kjempejobb, og har eit godt rykte i miljøet. Han er nøye og svært dyktig. Det set kundane pris på.

Tlf. 53 41 51 75
post@sunnhordlandantirust.no
www.sunnhordlandantirust.no

Opningstider:
Man - fre: 07:30 - 16:30