Med hjarta for kundane

Eit venleg smil etterfølgt av eit "hei". Mellom reolane på Spar Haga, Spar Ådland og Spar Fitjar er det alltid tid til småprat. Servicenivået er høgt, og butikken strekkjer seg gjerne litt ekstra for å gi deg det du vil ha.

Kanskje er det difor kundane verdset nærbutikkane så høgt.

René Stockmann og Jonas Børtveit vert begge kjøpmenn i kvar sin Spar-butikk frå 01.01.20.

Hos Spar Ådland heng pinnesidene tett i ferskvaredisken. Rundt 2000 sider, eller om lag sju tonn, vert selt i tida fram mot jul. Kundar kjem gjerne langvegs frå for å sikra seg det smakfulle pinnekjøtet frå Lundal.

Er det noko desse butikkane er kjende for, så er det nettopp å yte ekstra for kundane sine:

- Me tek kunden på alvor. Det er viktig for oss at butikken er folkeleg og hjelpsam. Me skal kjenna kundane våre, og dei skal kjenna oss, ofrtel Jonas Børtveit.

21-åringen overtek sjefsstolen etter Gunnar Sagenes frå 1. januar 2020. Med dette skiftet vår den 110 år gamle butikken på Ådland ny eigar, og Gunnar takkar av etter førti år som kjøpmann.

Også René Stockmann på Spar Haga vert offisielt kjøpmann denne datoen. Som tredje generasjons Stockmann skal han føre kjøpmannsarva vidare i den tradisjonsrike butikken på Haga.

- Me lovar å vidareføra dei verdiane som kundane våre er kjende med, smiler dei.

Rene stockmann og jonas børtveit

René Stockmann og Jonas Børtveit vert begge kjøpmenn i kvar sin Spar-butikk frå 01.01.20.

René Stockmann og Jonas Børtveit vert begge kjøpmenn i kvar sin Spar-butikk frå 01.01.20.

Unik kompetanse

Fundamentet i alle dei tre nærbutikkane er ei solid og erfaren bemanning. Mange av dei tilsette har jobba i daglegvarebransjen i ei årrekkje, og sit på mykje kompetanse og erfaring.

Nettopp dette er med på å skilja nærbutikkane frå dei større kjedene.

Her kan ein slå av ein prat, og dei tilsette har ekspertise til å hjelpa deg dersom du treng det. Kanskje du vil ha tips om kva tilbehør du bør velja til middagen? Eller ynskjer du ei spesiell vare i butikken?

- Me er runde i kantane og tilbyr kundane våre det vesle ekstra i form av kvalitet og kunnskap. Kjem du innom, vert du møtt med eit smil og ei hjelpande hand. Me strekkjer oss langt for å gi kundane våre det dei vil ha, understrekar Stockmann.


Treffstaden

På denne tida av året bognar hyllene av gode råvarer. Utvalet hos Spar er stort, og spenner frå First Price til dei meir eksklusive merka. I tillegg har Spar Ådland ein framifrå ferskvaredisk, og eit stort utval av ostar med tilbehør.

Nærbutikken er ein folkekjær treffstad. Her møtest naboar tilfeldig mellom reolane. Her vert ein oppdatert på siste nytt medan ein står i kassen, og fotballkampar og politikk kan diskuterast over klementiner i lausvekt. Nærbutikken vert som eit lim i lokalsamfunna.

Kundane kjenner dei tilsette, og dei tilsette kjenner kundane. Slikt vert det solide kundeforhold av, og dei tre kjøpmenna er sitt ansvar bevisste.

- Eg håpar og trur det merkast at me oppriktig bryr oss om kundane våre, avsluttar Stockmann.

Håkon Kvasnes, ferskvaresjef hos Spar Ådland har eit rikt utval i ferskvaredisken.

Håkon Kvasnes er ferskvaresjef hos Spar Ådland. Han har lang erfaring med julematen, og deler gjerne sine tips med kundane. I år har han fylt ferskvaredisken til randen med god mat som høyrer jula til.

Kva med å dekkje frukostbordet med rundstykke, eggerøre, røykelaks, julepostei, bacon, rømmesild og anna godt julepålegg?

- Me har lausvekt av både roastbiff, sylte, lammerull og pragerskinke. Dessutan har me ekte spansk chorizo, freistar han.

Kvasnes er ein ekte osteentusiast, noko som syner godt att i ferskvaredisken på Ådland.

- Ost er enkelt og smakfullt, og i disken vår finn du eit stort utval av ulike typar ostar og tilbehør. Om du ynskjer smaken av jul, kan eg anbefala peparkake med Nidelven blåmuggost, toppa med fikenmarmelade, tipsar han.

pepperkake med blåmuggost og fikenmarmelade

Peparkake med blåmuggost og fikenmarmelade.

Peparkake med blåmuggost og fikenmarmelade.

ferskvaredisk spar ådland

Ferskvaredisken hos Spar Ådland byr på mykje god mat til jul.

Ferskvaredisken hos Spar Ådland byr på mykje god mat til jul.

Den røynde kokken deler gjerne hemmelegheita om korleis du får perfekt, sprøsteikt svor på ribba.

- Hemmelegheita bak sprø svor er låg temperatur og god tid, røper han. - Om du har for høg temperatur, vil svoren svi seg.

Sjølv serverer han både ribbe og pinnekjøt på julekvelden. Maten tilbereder han gjerne saman med svigermor.

- Eg er frå Austlandet. Aust møter vest hos oss, då vert det gjerne slik, smiler han.

håkon kvasnes, ferskvaresjef hos spar ådland

Håkon Kvasnes, ferskvaresjef hos Spar Ådland har eit rikt utval i ferskvaredisken.

Håkon Kvasnes, ferskvaresjef hos Spar Ådland har eit rikt utval i ferskvaredisken.

Håkon sine tips for sprøsteikt ribbesvor!


1. Legg den ferske ribba i salt med svoren ned. Det kan ikkje bli for mykje salt. Kjøtsida krydrar du med deilig ribbekrydder. La ribba ligga i 24 timar.

2. Dagen etter legg du ein liten høgde under ribba, slik at feittet får renna av. Dampe ribba i 1,5 - 2 timar slik at ho vert saftig.

3. Skjær ruter i svoren når ribba er ferdig dampa.

4. Steik ribba på 160 grader i 40 minutt. Då vert svoren popkornaktig og sprø.

5. Auke temperaturen med 20 grader for kvar halvtime, til du ser at svoren er ferdigsteikt.


Servér ribba med mandelpoteter, surkål, medisterpølser og sjysaus laga av sjy frå ribba.

TIPS! Du kan gjerne laga ribba dagen i forvegen. Då skjærer du ribba opp etter at ho er ferdigsteikt, og set ho i steikeovnen på 220 grader i 10 minutt før ho skal serverast.

Opningstider i jula

SØNDAGSOPE
frå 15. desember - 14:00 - 18:00

JULAFTAN
Spar Ådland - 09:00 - 13:00
Spar Haga - 08:00 - 13:00
Spar Fitjar - 08:00 - 13:00
Spar Heiane - 06:30 - 13:00

spar logo