Slik vernar du borna
sine auge mot sola

Sommaren er her - og uansett korleis du nyt dagane, er det viktig å hugsa på at borna sine auge er mest utsett for sola sine sterke UV-strålar.


SOMMAR ER FERIETID. Is i handa. Sol på himmelen. Late dagar i strandkanten med sand mellom tærne og krabbar i bøtta. Kanskje ein tur på sjøen, eller på fjelltur i storslått natur. Fornøyelsesparkar, gledeshyl og latter.

Samla minner til ein lang vinter.

Brilleriet fører solbrillemerke som IziPizi, Ray-Ban, Oakley og mange fleire.

Uansett kor du ferierer, varmar sola svært godt på denne tida av året. Og sjølv om UV-stråling er farleg for alle aldersgrupper, er det spesielt viktig å beskytta borna mot dei sterke strålane.

- Born under 12 år har ikkje ferdigutvikla augo. Det kjem meir stråling frå UV-lys gjennom borna sine auge i forhold til eit vakse auga. Nettopp difor er det viktig å verna om borna sine auge så godt som mogleg, sier optikar og dagleg leiar ved Brilleriet på Stord, Arnhild Myklebust.

Brilleriet fører solbrillemerke som IziPizi, Ray-Ban, Oakley og mange fleire.

Brilleriet fører solbrillemerke som IziPizi, Ray-Ban, Oakley og mange fleire.

Slik bør solbrillene vera

Myklebust opplever at foreldre ofte kjøper dyre og flotte solbriller til seg sjølv, men at dei ofte ikkje legg så mykje tanke i borna sine solbriller.

Utvalet på marknaden er stort - ein kan få både solbriller, vanlege briller med mørkt eller fargeskiftande glas - og til og med linser med UV-vern. Dersom ein brukar linser med UV-vern bør ein likevel ha solbriller. Dette fordi linsene berre dekkjer iris, og ikkje det kvite området i auga.

- Det er fleire ting som er viktig å tenkja på når ein skal velja solbriller til born. Mellom anna er det viktig at solbrillene er gode å ha på, og at dei sit godt på ansiktet. Dei bør dekkje godt, slik at det ikkje slepp inn UV-stråling på sidene, fortel Myklebust.

Optikar Arnhild Myklebust kjem med gode råd om solbriller til born.

Optikar Arnhild Myklebust kjem med gode råd om solbriller til born.

Sjå etter korrekt merking

Alle solrbiller som vert selde i Noreg skal verka merka med UV400. Dette garanterer at dei vernar mot UV-strålar. Dersom brillene ikkje har dette merket, er det ikkje lov å selja dei i Noreg.

Sjølv om solbriller ofte handlar like mykje om mote som solskjerming, er det ekstra viktig å tenkje på solbrillene som eit vern mot sola.

- La det ikkje lura av overskya vêr. UV-strålane trengjer gjennom skyene, og strålinga er særleg sterk no om sommaren, smiler optikaren.

Hos Brilleriet finn du solbriller i merka IziPizi, Ray-Ban, Oakley og mange fleire.

SOLBRILLETIPS TIL FORELDRE

  • Sjekk at brillene er merka med UV400
  • Sjekk at brillene dekkjer godt rundt augo og at dei er tette på sidene.
  • Kjøp solbriller borna likar - då er det større sjanse for at dei vert brukt.
  • Brillene bør kunna bøyast og tilpassast barnet slik at dei sit godt i alle aktivitetar.
  • Brillene bør vera merka med kor mykje UV-stråling dei filtrerer bort.
  • Tenk på utforming av brillene!

OPNINGSTIDER T.O.M. VEKE 32
Leirvik
Man - fre: 09 - 17
Laurdag: 10 - 15

Heiane
Man - fre: 10 - 20
Laurdag: 10 - 18

Tlf. 53 41 10 68
www.brilleriet.com