Eit blomstrande hageeventyr

- Hage er viktig. Både for trivsel, helse og miljø, seier Astri og Ståle Sakseide med eit smil.

Ekteparet har gjort hage til sitt levebrød, og kundar reiser gjerne frå nabokommunane for å handla. No går dei ein travel sesong i møte.

Astri Sakseide går mellom radene i drivhuset. Knip av eit blad, rettar litt på plantene, kjenner etter om dei har nok vatn. Det skin i fargerike blomar, og i dei mange drivhusa summar dovne humler.

- Mange brukar hagen til å kople av. Det å kome nærare naturen, luka i bed og sjå noko veksa fram. Hagearbeidet gir meir meining når ein lukkast, smiler Ståle.


Sakseide Gartneri ligg på familiegarden til Ståle. Dei siste tretti åra har ekteparet utvida gartneriet gradvis. Her er kome nye drivhus, butikk og lagerbygg - berre eit steinkast unna deira eigen bustad. Gartneriet er omkransa av beitemark, der deira eigne sauer av rasen gammalnorsk spælsau beiter.

- Det er Astri som skulle driva gartneri. Ho er utdanna produksjonsgartnar og står for den faglege biten. Eg har berre interessa og 30 års erfaring, humrar Ståle.

- På slutten av 80-talet dreiv me med grønsaksproduksjon her på garden, og Astri pendla til Leirvik Gartneri, der ho jobba. Me starta i 1990 og då Leirvik Gartneri la ned i 1993, kjøpte me like godt eit av drivhusa av dei. Sidan har me bygd stein for stein.

I dag er det sju tilsette som jobbar på Sakseide Gartneri, og for ekteparet er det for lengst blitt ein leveveg og livsstil.

- Det kjekkaste er dei varierte arbeidsdagane. Her er alltid noko å henga fingrane i, alltid kundar som kjem innom og utfordrar oss eller treng hjelp. Det er eit givande arbeid, seier Astri og ser på Ståle. - Me er privilegerte som får lov til å jobba med dette.

Sakseide Gartneri ligg idyllisk til på Finnås. Foto: Privat.

Sakseide Gartneri ligg idyllisk til på Finnås. Foto: Privat.

Sakseide Gartneri er det einaste produksjonsgartneriet som produdserer sommarplanter i regionen vår.

- Me produserer rundt 50 ulike sortar sommarplanter sjølv. I fjor vinter produserte me rundt 30.000 stykk, og potta i tillegg inn stauder og hageroser, fortel Astri.

- Nokre planter og prydbuskar kjøper me frå planteskular rundt i landet, og ein del av sortimentet vårt får me frå utlandet.

Khaled Alkatib er i full sving med sommarblomane før ein hektisk sesong.

Eigenproduksjonen gjer at plantene vert større og kraftigare, nettopp fordi dei ikkje er masseproduserte eller laga for å verta frakta over store avstandar.

Det fører også til at det ligg ekstra mykje omsorg i kvar plante.

- Du kan vera trygg på at plantene du kjøper hos oss held svært høg kvalitet, understrekar Ståle.

Rad på rad med stiklingar.

Rad på rad med stiklingar.

Khaled Alkatib er i full sving med sommarblomane før ein hektisk sesong.

Khaled Alkatib er i full sving med sommarblomane før ein hektisk sesong.

Det å kunna gå langs radene i drivhusa og plukka akkurat den planta ein vil ha, og vita at den er av god kvalitet... Det er ei oppleving i seg sjølv.
Astri Sakseide

I drivhusa på Sakseide bognar det av sommarblomar.

I drivhusa på Sakseide bognar det av sommarblomar.

I drivhusa på Sakseide bognar det av sommarblomar.

På plantefeltet finn du eit stort utval av blomar og planter.

Med lysare dagar kjem også lysta til å gjera noko utandørs. Mange ynskjer seg ein lettstelt og frodig hage, og Ståle er ofte på hagebefaring heime hos kundar.

Her hjelper han med skissering og planlegging av hageområde og bed, målar opp og kjem med innspel og løysingar.

- Mange kundar kjem også innom med eit bilete av eit bed eller eit område dei ynskjer hjelp til å planta i. Det er kjekt når kundar utfordrar oss på den måten, og det er givande å kunna hjelpa slik at kunden føler at ein lukkast, seier Ståle.

Ståle Sakseide, her inne i gardsbutikken.

Astri er samd med ektemannen. - Det er viktig å få kartlagt vekstforhold. Sol, vind og jordsmonn er avgjerande for at resultatet vert bra. Så set me saman forslag til kva som kan fungera, ofte danderer me det til ute på området slik at kunden kan ta bilete. Det handlar om hageglede, og om å finna rett plante til rett stad.

Sakseide Gartneri tilbyr også anleggsgartnartenester. Både privatpersonar, burettslag og næringsliv har avtale om jamleg tilsyn av hage og uteområde.

Ståle Sakseide, her inne i gardsbutikken.

Ståle Sakseide, her inne i gardsbutikken.

På plantefeletet finn du eit stort utval av blomar og planter.

På plantefeletet finn du eit stort utval av blomar og planter.

Forsking viser at folk som brukar tid i hagen har større sjanse for å ha generell god fysisk og psykisk helse. Det trur ekteparet Sakseide på, og i fjor merka dei ei aukande interesse for hage.

Salet av setjepoteter eksploderte, og ei grøn bølgje gjer at folk i større grad dyrkar grønsaker og bær sjølv.

- Ut av lite kan ein få veldig mykje. Det er ikkje vanskeleg å dyrka verken poteter eller andre ting heime, men ein må setja av tid til stell og vedlikehald i hagen. For potetene kan det halda med jord i ei litt stor bøtte, for ein treng ikkje ein stor åker for å få eit vellukka resultat, tipsar Ståle.

- Ekstra kjekt er det når vaksne tek ungane med på hagearbeidet. Det ligg mykje god læring i å la unge få kunnskap om kor maten kjem frå. Dette med "frå jord til bord" er viktig å ha fokus på. For oss handlar det sjølvsagt også om at folk skal finna ei glede og ei meistringskjensle i hagearbeidet.

Ein jamn straum av bilar køyrer gjennom det flotte gartneritunet. Telefonen ringer med jamne mellomrom, både kundar og leverandørar har spørsmål.

Ståle tek seg god tid til å svara, han strekkjer seg langt for å gjera kundane nøgde.

- Med eigen produksjon kan me i større grad tilpassa etter kunden sine ynskje, forklarar han. - Me er opptekne av å yta det vesle ekstra for kundane våre. Eit eksempel er amplar, som me lagar opp mange av kvar sesong. Om ein kunde spør om me kan laga den same type ampelen med litt andre blomar fordi han vil ha det på ein skuggefull stad, gjer me sjølvsagt det.

Nydeleg blomsterhav hos Sakseide Gartneri.

- Det eigenarta hos oss er den opplevinga kundane våre får når dei kjem opp i gardstunet vårt, med dei gamle husa i tunet og dei bognande veksthusa. Det store salsområdet ute med prydbuskar og tre, ein romsleg parkeringsplass og den gode lukta frå tusenvis av ulike sommarblomar som møter deg. Det å kunna gå langs radene i drivhusa og plukka akkurat den planta ein vil ha og vita at det er av god kvalitet. Det er ei oppleving i seg sjølv, smiler Astri.

I butikken finn du eit lite utval av kortreist gardsmat.

Nydeleg blomsterhav hos Sakseide Gartneri.

Nydeleg blomsterhav hos Sakseide Gartneri.

TIPS FOR Å LUKKAST I HAGEN

  1. Hagen kan ha mange rom og klimasoner.
    Vel rett plante på rett plass!
  2. Hagearbeid kan vera ein god stad for avkopling og trim.
  3. Vekstforhold og jordtype er viktig for plantene sin trivsel. Spør om råd hos fagfolk.
  4. Ta deg tid til vatning og stell gjennom vekstsesongen.
  5. Plantene treng eigna gjødsel.
  6. Tenk over kva livsstil du har.
    Vil du ha ein lettstelt hage eller ein som krev meir arbeid? Vel det som passar deg, då er det enklare å få eit godt resultat.

Astri Sakseide syner fram nokre favorittar.

SOMMARPLANTER SOM ER ENKLE Å LUKKAST MED

  • Pelargonia
  • Spanske margerittar
  • Lobelia
  • Femtunge
  • Million bells

Astri Sakseide syner fram nokre favorittar.

Astri Sakseide syner fram nokre favorittar.

VELKOMEN TIL OSS!
Ytre Sakseidvegen 12
5437 Finnås

Opningstider
Mån - fre: 09 - 19
Larudag: 09 - 17

Tlf. 53 42 54 02
Besøk oss på Facebook!