Difor flytta dei frå
Trondheim til Fitjar

Simen og Eline Aarskog bur i Rossneset med fire born, men pendlar til Leirvik på jobb kvar dag.

Løysinga fungerer godt – og ekteparet meiner dei brukte lengre tid på pendling før dei flytta heim til Fitjar. – Hadde det ikkje vore for Rossneset, hadde me nok ikkje flytta heim, fortel dei.

Simen Aarskog (36) jobbar som regiondirektør i Sparebanken Vest. Hovudkontoret hans er på Leirvik, men han er ofte i både Haugesund og Bergen. Kona, Eline (36), er advokat og jobbar i Borgen Advokatar på Heiane. Begge opplever reisetida til og frå arbeid som uproblematisk.

- Me har budd både i Bergen og Trondheim. Der brukte me lengre tid til og frå jobb enn det me gjer no. Me trivest godt med Rossneset som base, fortel det travle ekteparet.

Simen kjem frå Fitjar, Eline frå Trondheim. I 2012 hadde dei fått nok av storbylivet i Trondheim, og bestemte seg for å ha eit prøveår på Fitjar. Eldstesonen var 8 år. Skulle dei flytta på seg, måtte det vera før han vart for godt integrert i venekrins og skulemiljø.       

Det vart eit år heime i kårbustaden på heimgarden til Simen. Tomta i Rossneset var reservert, men dei ville sjå korleis året utarta seg. Kom dei til å trivast?                

- Me kom tidleg inn i loopen på Rossneset. Me var heldige, og fekk reservera akkurat den tomta me ville ha, fortel Simen.

For sjølv på ein gråvêrsdag tek Rossneset pusten frå deg. Familien Aarskog sitt hus ligg idyllisk til ned mot nausta og småbåthamna inst i Rossneset. Frå stova har dei panoramautsikt over innseglinga til Fitjar. På motsett side ser dei Midtfjellet. Over hustaket går sola i ein vid boge – her er sol frå tidleg morgon til sein kveld.

FAMILIEN AARSKOG: Simen og Eline Aarskog bur i Rossneset med familien sin. F.v.: Eline med Sanna Angelica (10 mnd), Sondre Olai (12), Sander André (15) og Simen med Silja Filippa (2).

Prøveåret gjekk som det måtte gå. Vesle juleaftan 2014 flytta dei inn i den splitter nye einebustaden på 384m² i Rossneset. Bustaden har god boltreplass til familien på seks.                

-Huset har me praktisk talt teikna med linjal og blyant, smiler Eline. For etter å ha budd ulike stadar opp gjennom åra, har dei plukka med seg dei mest optimale løysingane då dei sette seg føre teiknebrettet og skisserte opp einebustaden.                

- Ein arkitekt hadde nok vridd seg.  Her er berre firkanta rom, ingen kreative løysingar, smiler Simen.   

Vindauga i stova er eit blikkfang i seg sjølv, og slepp inn mykje lys og bidreg til god oppvarming.                

- Det var dei største vindauga ein kunne få tak i. Dei har 10 cm fleksing, så når hauststormane herjar utanfor, står vindauga i spenn. Då er det fint å sitja i sofaen med ein kopp kakao, seier Eline, medan yngstejenta Sanna Angelica (10 mnd) krabbar rundt.  

Simen er sjølv vaksen opp ved sjøen, og lettare tilkomst til båt og sjøliv var ein avgjerande faktor for å flytta på seg.                

- På Fitjar får ein det beste frå alle årstider. Reisevegen er kort til vinteraktivitetar i Eikedalen eller på Voss. Om sommaren er det båt og sjøliv som gjeld, fortel Eline.                

- Like utanfor døra har me mange turløyper, samstundes som Midtfjellet ikkje er langt vekke. Det er mange gode moglegheiter for rekreasjon. Både Eline og eg nyttar turløypene i Rossneset flittig. Det er enkelt å knyta på seg joggesko og ta ein tur på kveldstid, seier Simen.                

Med gapahuk, fotballbanar, skatepark og leikeplass like ved, finn ein noko for alle aldersgrupper i Rossneset. Ekteparet trekk spesielt fram den flotte strandpromenaden som knyter småbåthamna i Rossneset saman med sentrum. Barnehagen ligg også i Rossneset, så dei leverer borna på veg til og frå jobb.                

- I Rossneset er det trygge rammer og eit godt miljø rundt borna. Me ser at fleire og fleire har flytta heim att, etter å ha budd vekke. Ungane har leikekameratar like utanfor døra.

Det er inga tvil om at familien Aarskog har ein travel kvardag. Krevjande jobbar, fire born i alderen 10 månadar – 15 år, fritidsaktivitetar. Det er nok å henga fingrane i.                

- Her er det kvilepuls. Me har jobbar som krev mykje av oss begge to, så då er det ekstra godt å koma heim til Rossneset.                

- Det er så fint her på kveldstid, når det er opplyst. Då hugsar ein ekstra godt på kvifor ein flytta hit, seier ekteparet og ser på kvarandre. - Me hadde nok ikkje flytta heim om det ikkje hadde vore for Rossneset.

Dette er Rossneset:
Totalt areal: 415 dekar
140 tomter inkl. fortetta områder
Reguleringsplan vedteken 2011
Første hus påbegynt 2012
Naust: 17 stk - 7 selde
Båtplassar: 95 båtplassar til leige, fordelt på to hamner
Lagring: 53 boder til leige i båthamna