På lag med næringslivet
og miljøet

Som totalleverandør for gjenvinning i næringslivet, kan Ragn-Sells spela ei nøkkelrolle i korleis ein kan løyse framtidas klimautfordringar.

No håpar Bjarte Barane at ny leiarfilosofi, strengare reglar og auka fokus på berekraft skal bidra til ei grønare framtid.

Ragn-Sells er totalleverandør for gjenvinning i næringslivet.

Gjenvinning og miljø er i vinden som aldri før. Kildesortering og gjenvinning av materiale er viktige brikker når framtidas klimautfordringar skal løysast.

- Me omtalar avfallet vårt som råvarer, og jobbar mykje med korleis ein kan få avfallet inn i ei sirkulær ordning der Ragn-Sells i større grad vert råvareleverandør til industrien, seier Bjarte Barane, avdelingsleiar for Ragn-Sells Stord.

Han gler seg over at fleire, både private og i næringslivet, får augo opp for kor viktig det er å resirkulera.

- Næringslivet har lege bakpå i mange år, men i nyare tid med strengare reglar og nye standardar gjer det enklare for bedriftene eå gjenvinna. Til dømes inneheld den byggetekniske forskrifta (TEK17) krav om at 60 prosent av avfallet skal kjeldesorterast. Slike tiltak er viktige, slår han fast.

Ragn-Sells er totalleverandør for gjenvinning i næringslivet.

Ragn-Sells er totalleverandør for gjenvinning i næringslivet.

Som totalleverandør innan handtering av restprodukt og avfall, kan Ragn-Sells hjelpa med det meste.

Handtering av alle ordinære avfallstypar, farleg avfall og restprodukt frå havbruk. I tillegg leverer dei suge- og spyletenester, bilvrakingstenester og leige av container til private og næringsliv.

- Me ligg midt i smørauga her nede på Eldøyane. Tidlegare var me SIM Næring, som vart kjøpt opp av Ragn-Sells i oktober 2014.

Soga om Ragn-Sells går tilbake til 1881.

I 1928 starta Amandus og Julias son, Ragnar Sellberg, innsamling av avfall - ei verksemd som familien Sellberg utvikla gjennom generasjonar.

Ragn-Sells møter framtidas klimautfordringar.

Når Ragnar leverte mjølk hos kundane i byen, tilbaud han seg å ta med seg avfallet tilbake til garden. Ein ekstra service som kundane sette pris på - og ei sjølvfølgje for ein jordbrukar med krinsløpstankar i blodet.

I 1966 starta Ragnar selskapet AB Norrtrim, som raskt vaks seg stort innan avfallsbransjen. I 1968 skifta selskapet namn til Ragn-Sells.

I Noreg har selskapet eksistert sidan 1989, der dei har opparbeidd seg ei stor kundegruppe, og har i dag over 1,5 milliardar kroner i omsetjing.

Ragn-Sells møter framtidas klimautfordringar.

Ragn-Sells møter framtidas klimautfordringar.

Med ny leiarfilosofi skal Ragn-Sells møte framtidas store klimautfordringar. Ved å våga å satsa på unge, nytenkande og kompetanserike menneske, skal selskapet vera ein føregangsaktør.

Å våga og satsa på denne måten, trur Barane er viktig. Sjølv har han vore innom dei ulike greinene i selskapet - frå bosbilsjåfør til logistikk og sal. No er han avdelingsleiar, og skryt over fagmiljøet og dei dyktige tilsette.

- Eg har gledd meg til å gå på jobb i 10 år, og håpar at det skal fortsetja slik. Det er ein fantastisk arbeidsplass, og for meg er det viktig å leia saman. Det handlar om kompetanseutvikling, trivsel og om å byggja kvarandre gode, avsluttar han.

RAGN-SELLS STORD

  • Bilopphugging
  • Containerutleige
  • Dekkgjenvinning
  • EE-avfall
  • Farleg avfall
  • Makulering
  • Miljøsanering
  • Sanering av merder frå fiskeri
  • Suge- og spyletenester
  • Handtering av alle ordinære avfallstypar

SERTIFISERT PÅ KVALITET

  • (ISO 9001) Kvalitet
  • (ISO 14001) Miljø
  • (OHSAS 18001) Arbeidsmiljø
  • (CSR Performance Ladder) Samfunnsansvar

Kontakt oss
Tlf. 22 80 08 00
kundesenter@ragnsells.no

Opningstider:
Mandag - fredag 07.00-15.30