Det jordnære rekneskapsbyrået

For over tjue år sidan flytta Marita Laastad frå Stord. I Kopervik har ho gjort stor suksess med rekneskapsbyrået Laastad Pluss og Minus. No satsar ho stort "heime" på Stord.

- Det jordnære er viktig for oss, smiler Marita Laastad bak skrivebordet.

Lokala på Heiane er lyse og moderne.
Dørene gjennomsiktige, med Laastad sin logo på. Skriveunderlaget er fullt av notatar - ting som må hugsast på, telefonnummer og beskjedar.

Denne dagen har den utflytta stordabuen køyrd frå heimen i Haugesund, til Laastad sine lokale på Stord. Sjølv om ho har budd vekke sidan ho fullførte vidaregåande, er det likevel spesielt å "koma heim". Det er her ho har røtene sine, familien sin.

No gler ho seg til å bli kjend med marknaden på Stord og syna kva verdiar Laastad Pluss og Minus kan skapa saman med kundane sine.

Ein engasjert støttespelar

- Me prøver å skapa vår eigen bedriftsprofil, uavhengig av bransjen. Me er opptekne av å vera jordnære og personlege med kunden, fortel Laastad.

Etter tjue år i bransjen har ho lang erfaring og veit kva ho snakkar om. Tidlegare har ho jobba som rekneskapsførar, seniorrådgivar, økonomiansvarleg og leiar. Her har ho hausta unik erfaring frå ulike delar av yrket. Erfaringa har ho spunne vidare på, og har funne sin veg i ein bransje der rammene ofte er sett på førehand.

- Me brenn for mennesket og den personlege biten av yrket. Gjensidig tillit og respekt er ledestjerna vår, understrekar gründeren.

At Laastad skulle starta for seg sjølv, trur ho låg i korta. 1. november 2014 såg Laastad Pluss og Minus dagens lys. Visjonen er ei jordnær og personleg tilnærming, ei oppskrift som har synt seg å gi resultat.

På få år har Laastad Pluss og Minus fått ein solid kundebase i Kopervik. No tel kontoret seks tilsette, og ambisjonen er å bygga opp kontoret på Stord til same storleik.

- Fem av seks tilsette i verksemda er autoriserte rekneskapsførarar. Det er ein stor andel, og kontoret vårt har ein sterk fagkombinasjon. Me har fleksible avtalar, moderne løysingar og har ein høg grad av service.

Einaste rekneskapsbyrå på Heiane

Det var tilfeldigheiter som gjorde at Laastad Pluss og Minus enda opp på Heiane.

- Sunnhordland Bygg som eig bygget, samt Vest Elektro, er kundar av oss - og via dei fekk me moglegheita til å flytte inn i bygget. Det angrar me ikkje på, smiler Laastad.

Hatlandsmyro 19 er lokalisert like ved Plantasjen på Heiane. Tilkomsten er enkel, og ho skryt over fellesskapet og samhaldet i bygget.

Her finn ein både Vest Elektro, Velde Asfalt og Vestland Trafikkopplæring.

- Det er framleis eit par ledige lokale, oppmodar ho.

At Laastad er det einaste rekneskapsbyrået på Heiane, ser ho på som ein fordel.

- Om folk ynskjer, er me ein engasjert støttespelar.

Personleg tilnærming

- Me brenn for samspelet mellom oss som rekneskapsførar og våre kundar. Med eit godt samarbeid, god kommunikasjon og gode tekniske løysingar ynskjer me å bygga gode relasjonar for framtida. Hemmelegheita vår er ikkje noko anna enn det enkle og jordnære. Det vert ein hit, kvar einaste gong, smiler ho og legg til:

- Det er saman med kundane våre at me skapar størst verdi.

Laastad Pluss og Minus

- Rekneskap
- Budsjett
- Årsoppgjer
- Stifting av selskap
- Bedriftsrådgiving
- Konsulenttenester

www.laastadplussogminus.no
Tlf. 51 73 26 00