Pusterommet


Er du utsett for vald eller overgrep? Truslar, kontroll eller tvang?

Krisesenter Vest er eit gratistilbod til alle som er utsett for vald i nære relasjonar.


Ein sambuar som slår. Hevar stemma. Alle dei vonde orda som haglar over kroppen din, utan at du kan verna deg.

Så lukkar du augo.

Tenker at det snart går over. At det vert betre snart.

Kanskje er borna den avgjerande faktoren for at du blir. Redsle for framtida, kva som vil hende.

Kanskje kvardagen er meir enn du maktar, kanskje drøymer du om eit pusterom i kvardagen, der du kan trekkja pusten og vera trygg.


Å innrømma for seg sjølv at ein vert dårleg behandla sit ofte langt inne.
Krisesenter Vest er eit tilbod til alle som er utsett for vald i nære relasjonar - både kvinner, menn, born og eldre. Terskelen for å ta kontakt er låg.

- Krisesenteret har døgnope. Tilbodet er gratis og du treng inga henvisning. Me tilbyr midlertidig opphald i trygge omgjevnadar med fokus på sikkerheit. Men du treng ikkje bu på krisesenteret for å få hjelp. Me har også eit dagtilbod, og du kan ringa krisesenteret for råd og vera anonym dersom du ynskjer det, fortel Mari P. Dale, nestleiar ved Krisesenter Vest IKS.

Korleis kan du sjå på eit menneske kva vedkomande har vore utsett for?

Ikkje all vald etterlet synlege merke.

Kanskje opplever du at nokon får deg til å føla deg redd?
Får deg til å gjera ting du ikkje vil, snakkar nedsetjande om deg eller hindrar deg i å leva livet du ynskjer?

Dette er også vald.

Berre du kjenner di historie. Du eig orda dine.
Me er her for å hjelpa deg.


- Krisesenteret kan hjelpa med samtalar, hjelp til kontakt med hjelpeapparat, informasjon om rettigheiter og moglegheiter, juridisk vegleiing og oppfølging. Tilbodet er gratis.
Mari P. Dale, Krisesenter Vest IKS

Pust inn. Pust ut.

På krisesenteret skal du kjenna deg trygg. Trygge rammer, trygg kvardag - kanskje ikkje berre for deg, men for borna dine også.

Me veit at det vanskeleg å strekkje ut ei hand for å ta imot hjelpa - men du fortener eit liv med håp. Eit liv med kraft. Eit liv med respekt.

Så lat oss hjelpa deg og vera ei trygg hamn. Eit pusterom i kvardagen på dine premiss.

Mot over frykt. Mot til å leva.
Me er her for deg. Heile døgnet.

Krisesenter Vest IKS
- Gratis lågterskeltilbod
- Tilgjengeleg 24 timar i døgnet
- Døgnopen telefon, du kan vera anonym
- Råd, vegleiing og informasjon
- Advokatbistand

Telefon Stord: 53 41 12 12
www.krisesentervest.no