Er du plaga med tørre auge?

Hos Interoptik Sele på Stord kan du no få
revolusjonerande behandling.

No er ho her igjen. Den fine, kalde tida med tende ljos og fyr i peisen. Kanskje er du blant dei som kjenner det fort på augo, at dei vert tørre og vonde av det lune inneklimaet?

Interoptik Sele tilbyr no ei revolusjonerande augebehandling som gir langvarig effekt til deg som kunde.

fasade interoptik

Hos Interoptik Sele på AMFI Stord får du no ei revolusjonerande behandling mot tørre auge.

Hos Interoptik Sele på AMFI Stord får du no ei revolusjonerande behandling mot tørre auge.

Jan Tore Sele, optikar og eigar hos Interoptik Sele på Stord, har investert i E-eye teknologi - ei revolusjonerande behandling av folkeplaga tørre auga.

Forsking viser at annankvar kvinne og kvar tredje mann over 50 år slit med tørre auge. Problemet er også utstrakt blant yngre - særleg linsebrukarar og yngre folk som sit mykje føre skjerm.

Optikar Jan Tore Sele har nær førti års erfaring som optikar, og er svært nøgd med effekten av E-eye.

Langvarig effekt

Tidlegare har Interoptik Sele kunna tilby behandlingsmetodar med kortsiktig effekt.Fordelen med E-eye er at behandlinga tek kort tid, og effekten er langvarig.

Ved hjelp av eit lite apparat vert det sendt ut korte og spesifikke lysglimt til punkt under augeloka.

- Lysglimta stimulerer talgkjertlane i augeloka til å stabilisera seg. Det er desse som skil ut feittlaget til tårefilmen, som igjen smører auga, forklarar optikaren.

Optikar Jan Tore Sele

Optikar Jan Tore Sele har nær førti års erfaring som optikar, og er svært nøgd med effekten av E-eye.

Optikar Jan Tore Sele har nær førti års erfaring som optikar, og er svært nøgd med effekten av E-eye.

e eye teknologi

Behandlinga med E-eye er unnagjort på rundt tjue minutt og gir langvarig effekt.

Behandlinga med E-eye er unnagjort på rundt tjue minutt og gir langvarig effekt.

Behandlinga med E-eye er unnagjort på rundt tjue minutt og gir langvarig effekt.

Svært gode resultat

Heile behandlinga er over på rundt tjue minutt. I gjennomsnitt treng pasienten 3-4 behandlingar over eit par månadars tid.

- Først smører me ein gelé under augo for å beskytta huden. Deretter held me apparatet inntil, og sender ut fem korte lysglimt, forklarar Sele.

Effekten av den revolusjonerande behandlinga har ikkje lete venta på seg.

- Me har fleire kundar som har opplevd svært god effekt etter første behandling. Dei er imponerte over dei gode resultata. Så kan ein nyte den kalde, fine tida til fulle - utan å bekymre seg for tørre auge, smiler han.


Jan Tore Sele sine tips til deg
som vil unngå tørre auge!


- Hugs å blunke! Blunking fungerer som smøring for augo.

- Ta hyppige pausar om du sit mykje føre skjerm.

- Sørg for å ha gode lysforhold på arbeidsplassen.

- Regelmessig reinhald av augevipper og augelok.

- Spør optikar om kva type augedropar som er rett for deg.

- Kosthald kan påverka tåreproduksjon- og kvalitet. Omega 3 frå fisk og planter kan ha stor betyding.

Kontakt oss for konsultasjon i dag!

interoptik.no/bestill-time
sele.stord@interoptik.no
Tlf. 53 40 29 30

AMFI Stord
Opningstider:
Man - fre: 10 - 20
Laurdag: 10 - 18

interoptik sele logo