Heiane Sommarsenter!

Sommaren er komen til Heiane Storsenter og butikkane er fulle av gode tilbod og lekre sommarvarer.

Her finn du alt du treng - anten sommaren byr på strålande sol eller regnvêr.

Det er lite som slår norsk sommar. Lyden av bølgjer som slår mot svaberg, måkeskrik, lukta av saltvatn og ei sol som varmar. Ein sval bris som stryk mot solbrun hud og late sommardagar på solsenga med ei god bok og noko forfriskande å drikka. Blir det betre?

Avkjøling i sommarvarmen er godt - og hos Lekia og Nille finn du alt du treng til ein frisk dukkert på stranda. Vil du bada på terrassen har me eit stort utval av badebasseng.

Me har også alt som trengst for at ungane skal ha det moro - frå populære AquaPlay til strandbøtter, til baderingar, flytemadrassar, dykkarsett og vassleikar.

Skulle du trenga ein pause har me mange kjekke aktivitetar som byr på moro for heile familien. Kva med å prøva eit slag kubb eller ein runde boccia?

Hos Mester Grønn får du eit stort utval av planter og snitt.


Friske blomar er alltid kjekt å kvila augo på - og hos Mester Grønn finn du eit stort utval i snitt, grøne plantar og sommarblomar til uterommet.

Hos dei mange klesbutikkane våre finn du lette og ledige sommarplagg til heile familien. Sikra deg din favorittkjole!

Lette og behagelege sommarklede finn du Heiane Storsenter. Her er kjole frå Twinshe og stølvar frå Mani.

Norske sommarkveldar - er ofte kjølige, så ein tjukkare genser som du kan slenga utanpå sommarantrekket kan vera lurt.

Treng du nye solbriller kan du stikka innom Brilleriet - og for å vera sikker på at du er godt skodd i møte med sommaren, har Mani alt du treng - anten det vert skikkeleg vestlandssommar eller sydenvarme.

Gule støvlar frå Mani er perfekte til vestlandssommaren.

Gule støvlar frå Mani er perfekte til vestlandssommaren.

Hos Mester Grønn får du eit stort utval av planter og snitt.

Hos Mester Grønn får du eit stort utval av planter og snitt.

Lette og behagelege sommarklede finn du Heiane Storsenter. Her er kjole frå Twinshe og stølvar frå Mani.

Lette og behagelege sommarklede finn du Heiane Storsenter. Her er kjole frå Twinshe og stølvar frå Mani.

Legg du turen innom Coop Extra finn du mange gode tips til korleis du skal lukkast med grillen.

På grill er me nemleg ekspertar, og i hyllene finn du eit stort utval og alt du treng for å laga det perfekte grillmåltidet.

Imponer gjestane med ein klassisk cheeseburger og ein deilig sommarsalat! Eller kanskje ein klassisk entrecôte med fetaost og cherrytomater?

Årets sommarfavorittar finn du hos oss. Treng du å fylla frysaren med dessert, har me pinne-is til heile familien - og ta gjerne med deg ei vassmelon på vegen. Den fell garantert i smak. Me lovar at du finn noko som freistar!

Planlegg du sommarfest finn du alt du treng hos Nille og Clas Ohlson. Kva med å henga opp ei lyslenkje på terrassen eller i trea for ekstra stemning på lyse sommarkveldar?

Herleg sydenstemning med tropiske vibbar får du hos Nille - og me drøymer oss vekk til eksotiske stader med fargar, morosame mønster og gøyal dekor!

Skal du på strand, hytta, ut med båten eller kanskje på telttur? Kjølebagar, eingongsservice, strandmadrassar, mygglys, handkle og lyslenkjer - du finn det hos oss!

Er du blant dei som planlegg sommar på fjellet? Anten du skal på telttur for første gong eller ei veke i fjellheimen, så finn du alt utstyret du treng hos Falk Sport.

Me har vore ute ei sommarnatt før, og kan gjerne komma med gode tips og råd på vegen.

Turkjøkken og tilbehør, soveposar, luggeunderlag og knallgode fjellsko! Sommarvêret kan vera skiftande - så det er viktig å vera godt førebudd.

Og du, me har begynt med sålestøyping igjen - ekstra lurt om du planlegg ein aktiv sommar!

Princess har eit stort utval av badehandkle - perfekt for stranda!

Princess har eit stort utval av badehandkle - perfekt for stranda!

Oversikt butikkar

Klede, sko og reiseeffektar
- Mani
- Match
- Twinshe
- Zavanna

Hus og heim
- Clas Ohlson
- Nille
- Princess
- Skeidar
- Elkjøp
- Jysk
- OBS Bygg

Spesialbutikkar
- Falk Sport
- Apotek1
- ARK Bokhandel
- Lekia
- Lille Mei
- Bjørklund
- Brilleriet
- Mester Grønn

Service og tenesteytande
- Bowl it
- Elite Service Partner AS
- Ezzenz frisør
- Hurtigruta Carglass
- HusElektro
- Niyom Thaimassasje
- Nr1 Fitness
- Smil Tannlege
- Stord Reinhald

Mat og drikke
- Coop Extra
- Café Opus

Opningstider:
Mån - fre: 10 - 20 (18)