Bubilentusiast?

Dette bør du gjera før årets sesong!

Bubil er blitt ein svært populær måte å feriera på.
Med fridom til å køyra kor ein vil, samstundes som ein har alt ein treng i umiddelbar nærleik, er bubil eit svært godt alternativ.

Før du startar årets bubilsesong kan det løna seg å leggja turen innom Heiane Bil for service. Slik unngår du keisame overraskingar som gjer ferieturen til eit mareritt.

Eddie Alsaker hos Heiane Bil står klar til å utføra service på bubilen din. Han har lang erfaring, og rår til service minst éin gong i året.

Eddie Alsaker hos Heiane Bil står klar til å utføra service på bubilen din. Han har lang erfaring, og rår til service minst éin gong i året.

Teknisk leiar og mekanikar Eddie Alsaker hos Heiane Bil.

Teknisk leiar og mekanikar Eddie Alsaker hos Heiane Bil.

Heiane Bil har lang erfaring med bubilar og har tilbydd service på desse sidan 2011. I fjor investerte den populære bilforretninga på Heiane i ein endå større løftebukk, noko som gjer det mogleg å utføra service på bubilar opp til 7,5 tonn.

- Gjennom dei siste åra har me hatt ei jamt aukande oppdragsmengd. Kundane våre kjem frå heile Sunnhordlandsregionen, fortel Kjetil Skulstad, dagleg leiar for Heiane Bil.

Teknisk leiar og mekanikar Eddie Alsaker hos Heiane Bil.

KLAR FOR TRAVLE VEKER

Ute i verkstaden finn me Eddie Alsaker. Han gjer seg klar for travle veker no når bubilsesongen straks er i gang for fullt.

Alsaker er teknisk leiar og mekanikar, og har teke service på bubilar i ei årrekkje. Han har ei sjekkliste som han går etter, og utfører arbeidet med stor nøyaktigheit.

Alsaker er éin av to faste mekanikarar som jobbar med bubilservice. For ein effektiv og saumlaus prosess jobbar dei saman på køyretøya.

- Me tilbyr service og den tekniske sjekken på bubilane. Då sjekkar me ting som bremser og olje, samt utfører generell service. Slik kan du vera sikker på at det er trygt å leggja ut på langtur, smiler Alsaker.

Eddie Alsaker (f.v.), Gisle Flatraaker Aarbø og Per Einar Hauge står klare til å hjelpa deg med service på bubilen.

Eddie Alsaker (f.v.), Gisle Flatraaker Aarbø og Per Einar Hauge står klare til å hjelpa deg med service på bubilen.

Ein del av Bobilenes Servicekjede

Heiane Bil er godkjend Fiat-verkstad og ein del av Bobilenes Servicekjede. Som ein del av kjeda tilbyr dei tenester knytt til bilen sitt chassis, drivverk og motor.

- 90% av alle bubilchassis er signert Fiat. Difor er det svært viktig at me kan tilby denne typen serivce til våre bubilkundar, fortel Skulstad.

Du kan levere bubilen inn til Heiane Bil for ein servicesjekk uavhengig av kva bilmerke det er. Chassiset er likt på dei aller fleste bubilar.

Hos Heiane Bil finn du alt du treng til bubilen.

Hos Heiane Bil finn du alt du treng til bubilen.

Kan kosta deg dyrt

Ved inngangen til 2019 var det registrert heile 49.690 bubilar i Noreg, og nyleg melde NRK om at salet av bubilar har eksplodert føre årets sesong. Korona-situasjonen gjer at mange førebur seg på norgesferie.

Skulstad bekrefter at dette er i tråd med kva dei opplever, og fortel om stor pågang i verkstaden. Før sommaren reknar han med å ha 160 bubilar inne på service.

Alsaker har inntrykk av at fleire og fleire nyttar bubilen året undt. Desto viktigare er det å ha han inne på service med jamne mellomrom.

- Bubilen bør vera inne til service minst éin gong i året. Gjerne to gonger, om han vert brukt mykje. Vegsalt og tøffe vêrforhold tærer på understellet og gjer at bubilen bør sjekkast oftare enn bubilar som står lagra heile vinteren, forklarar han.

Han understrekar at det kan kosta deg dyrt dersom du hoppar over service.

- I verste fall kan bremsene slutta å virka. Det vil kunna vera katastrofalt om bremsene til eit så stort og tungt køyretøy sviktar.

Slik tek du vare på bubilen

Både Skulstad og Alsaker har inntrykk av at dei fleste eigarar behandlar bubilane sine svært godt. Dette gjer det ekstra kjekt å utføre service på dei. Likevel har dei nokre tips:

- Du bør vaska bubilen med eit spesielt vaskemiddel for å bevara det spesielle kittet og pakninga som bubilen er laga med. Det nyttar ikkje å bruka vaskemiddel som er berekna på vanleg bil. Det vert for sterkt.

Alsaker smiler:
- Ein skal vera røynd og vita kva ein held på med når ein tek service på bubilar. Det er softwareoppdateringar som trengst, og her hos Heiane Bil har me retningsliner frå eit heilt fagmiljø i bakhand som gjer oss godt rusta til å utføra jobben for deg.'


Heiane Bil utfører også EU-kontroll på bubil. Denne følgjer standarden for vanleg bil, og køyretøyet må inn til EU-godkjenning annakvart år.

Dette bør du sjekka!

  • Følgjer du fabrikkanbefalt service?
    Det er naudsynt for å oppretthalda garanti og driftstryggleik.
  • Treng du nye dekk?
    Krav til mønsterdjupne på sommardekk er 1,6 mm, men NAF anbefalar minst 3 mm. Du bør skifta dekk kvart 4. - 5. år.
  • Sjekk av bremser og bremsevæske
    Bremsevæska sine eigenskapar vert redusert med alderen. Sjekk difor væskenivå og væskekvalitet, i tillegg bør du sjekka og smørja bremsene.
  • Unngå aircondition-problem på varme dagar
    Me anbefalar AC-service kvart 3. år og AC-reins kvart 2. år.
  • Sjekk når du må byta registerreim
    Registerreim må bytast ved gitte intervall (km/år).
  • Årleg skifte av olje og oljefilter
    Spesielt om bubilen er vinterlagra.

Liste henta frå Bobilenes Servicekjede (www.bobilenesservicekjede.no)

Bestilla time?
Tlf. 53 40 23 00
vidar@heianebil.no