No hos Heiane Bil:

Europas beste bilkjøp

Det har ikkje mangla positiv omtale etter at Opel lanserte den heilelektriske versjonen av klassikaren Corsa.

Corsa-e lever utan til opp til forventningane: Du får ein kvikk og lettkøyrd bil som er spekka med innovasjon og tilleggsutstyr.

Med rekkevidde på opptil 337 km og batteri på 50 kWh, har du alt du treng i denne bilen.

Endeleg er ventetida over. Opel Corsa-e er komen til Heiane Bil - og det er berre til å svinga innom for å prøvekøyra den tiltalande og kompakte bilen som har begeistra eit samla pressekorps.

For trass i at elbilen vart sleppt til bilforhandlarane under koronakrisa, er det lite som minner om krisestemning når det gjeld salstala.

AutoBest-juryen har allereie kåra han til "Europas beste bilkjøp" - nettopp fordi Corsa-e gir deg mest verdi for pengane.

Positive tilbakemeldingar

Kjetil Skulstad hos Heiane Bil er glad for å endeleg ha bilen i butikk slik at publikum kan få testa han. Tilbakemeldingane er svært gode, og Skulstad røper at han har fått inn fleire bestillingar allereie.

- Det er ein snedden småbil som gir deg alt du treng i kvardagen - og meir til. Med den lange rekkevidda i tillegg til avansert teknologi, smarte funksjonar og eit lekkert utsjåande, trur eg dette garantert vert ein publikumsfavoritt, seier han entusiastisk.

- I tillegg er han 48 millimeter lågare enn forgjengaren, utan at det har gått på bekostning av romslegheita.

Heiane Bil får nokre bilar i løpet av sommaren, men om du vil bestilla så dukkar han opp i slutten av september/byrjinga av oktober.

Mest verdi for pengane

Den internasjonale AutoBest-juryen inneheld medlemmer frå nesten alle dei europeiske landa. Juryen har begrunna valet med at Opel Corsa gir mest verdi for pengane.

Med Corsa-e tilbyr Opel ein elektrisk bil for alle, som kombinerer praktiske kvalitetar med nullutslepp og ei elektrisk rekkevidde på opptil 337 km.

- Corsa har vore ein populær bilmodell heilt sidan han kom på marknaden i 1982. Dette er også AutoBest-hattrick - ingen andre modellar har motteke denne prisen, tre generasjonar på rad, smiler Skulstad og utdjuper:

- Corsa-e har allereie vunne den prestisjefylte tittelen "Europas beste bilkjøp" - og forventningane våre er deretter. Eg trur absolutt han kjem til å bli ein publikumsvinnar også. Eg kan røpa at elbilen verkeleg innfrir.

Felgane kjem i 16'' eller 17'', og du kan leggja til fargekontrast om du vil. Felgane er lette og aerodynamiske, og aukar dermed effektiviteten på bilen.

Ein perfekt småbil

Med høg køyrekomfort i kombinasjon med lang rekkevidde og eit stilig utsjåande, verkar det som om Opel har funne oppskrifta på den perfekte småbilen.

Instrumentpanelet er sportsleg, og verdig ein langt større bil. Eit innbydande design gjer at ein får lyst til å ta med bilen ut på langtur. Og om du vil, kan du gjera nettopp dette.

For med batteri som er integrert under fram-og bakseta, sikrar ein både eit maksimalt bagasjerom i tillegg til at ein får eit lågt tyngdepunkt for god køyredynamikk.

- Corsa-e er tysk ingeniørkunst på sitt beste. Bilen skil seg ut frå mengda med eit dynamisk frontparti og ein iaugnefallande profil. Corsa-e er rett og slett stilig frå alle vinklar, undertstrekar Skulstad.

Corsa-e er bygd på PSA sin CMP-plattform, som han deler med DS3 Crossback og Peugeot 208.

Som den første bilen i sin klasse er Corsa-e også utstyr med IntelliLux LED Matrix frontlykter, som gir like god sikt som fjernlys utan å blenda medtrafikantar.

Tre køyremodus

Corsa-e kjem med tre ulike køyremodus, som gir deg tilgang til ulik mengde hestekrefter frå den elektriske motoren.

I eco-modus får du 82 hk, og bilen legg inn restriksjonar på kor mykje straum klimaanlegget får lov til å bruka. Moduset gir naturleg nok ei auka rekkevidde, enn det som er oppgitt og testa i WLTP (337 km).

I normalmodus har du 109 hk tilgjengeleg.

I sportsmodus sparkar Corsa-e verkeleg ifrå seg, og går til maksimale 136 hk og 260 Nm. Det gir 0-50 på under 3 sekund. Vil du opp i 100 så tek dette 8,1 sekund.

Alle dei tre modusa gir høg komfort og køyreglede.

Velutstyrt

Opel Corsa-e kjem i tre ulike utgåver. Alle er velutstyrte som standard, og svært mykje ekstrautstyr er tilgjengeleg for den som ynskjer meir.

  • e-Selecetion er innstegsmodellen.
  • e-Edition inkluderer også LED-hovudlys, i tillegg til automatisk fjernlysassistent.
  • e-Elegance er høgaste utstyrsnivå. Her får du med felgar i to-farga design, kromlister på nedre del av vindauga, digitale instrument bak rattet, komfortseter i delskinn og LED stemningslys inne i bilen. For å nemna noko.

I tillegg kjem det med ein del tilleggspakkar som gjer at du kan skreddarsy din Corsa-e akkurat slik du ynskjer - mellom anna sikkerheitspakke - eller kanskje elegant og farga soltak? Eventuelt kan du velja panorama soltak, for eit lysare og luftigare interiør.

Opel Corsa-e

  • 337 km rekkevidde (WLTP)
  • Tre ulike utgåver
  • Banebrytande teknologi
  • Svært mykje tilleggsutstyr
  • 10'' touch-skjerm
  • 267/1042 liter bagasjerom
  • Effekt: 100 kW (136 hk)
  • 260 Nm
  • 50 kWh batterikapasitet
  • Framhjulsdrift
  • 0-100 km/t: 8,1 sek
  • Seks kollisjonsputer
  • Kollisjonsvarslar

Frå kr. 274.900,-

Ring eller kom innom for prøvekøyring!

Tlf. 53 40 23 00
kjetil@heianebil.no