Kaibyggjaren og betongentreprenøren

i Sunnhordland

Engelsen Entreprenør er ein viktig brikke når det skal leggast til rette for industrien og alle typar anlegg.

Dei seinaste åra har den erfarne entreprenøren teke del i omfattande kaiprosjekt rundt i heile Sunnhordland.

- Lokale fagfolk og solid kompetanse er ein stor styrke for oss, seier dagleg leiar, Bernt Øyvind Vad.

Bygger kai på Eldøyane: Astrid Salomonsen (t.v.), Christian Kvalheim, Preben Koppang, Adrian Halleraker, Mads Tyse og Geir Bjørgen.

Ytst på eit vêrutsett Eldøyane er bygginga av Stord kommune sin nye djupvasskai i full gong. Den 145 meter lange og 1800 kvadratmeter store kaien skal vera ferdigstilt like over sommaren, og har ei kostnadsramme på 50 millionar kroner.

Christian Kvalheim er formann på Engelsen Entreprenør sitt nye kaiprosjekt på Eldøyane.

- Det er 59 pælar og 25 dragarar som skal på plass. Den djupaste går 22 meter ned i sjøen og er forankra i berget. Det er eit omfattande prosjekt, men dei seinare åra har me fått mykje erfaring med dette, seier formann Christian Kvalheim medan han skodar ut over kaien som tek for.

Sjølv har han utelukkande jobba med kaiprosjekt dei siste fem åra.

- Slike prosjekt er som Lego for vaksne, humrar han.

Ferdigstøypte betongelement er med på å effektivisera arbeidet.

Kvalheim jobbar tett saman med prosjektleiar Astrid Salomonsen. Prosjektet er avhengig av at vêr og vind spelar på lag når dei ferdigstøypte betongelementa skal monterast.

Seks mann jobbar kontinuerleg med kaiprosjektet på Eldøyane. Alle er fagarbeidarar med mange års røynsle.

- Me hadde ikkje kunna klart desse prosjekta utan kompetente og dyktige arbeidarar, seier Salomonsen. Ho er utdanna sivilingeniør og har det øvste ansvaret for det som skjer på byggjeplassen.

Christian Kvalheim er formann på Engelsen Entreprenør sitt nye kaiprosjekt på Eldøyane.

Christian Kvalheim er formann på Engelsen Entreprenør sitt nye kaiprosjekt på Eldøyane.

Ferdigstøypte betongelement er med på å effektivisera arbeidet.

Ferdigstøypte betongelement er med på å effektivisera arbeidet.

Engelsen Entreprenør sitt pågåande kaiprosjekt ytst på Eldøyane. Store mengder berg er sprengd vekk og det er fylt i masse.

59 pælar og 25 dragarar skal på plass. Den djupaste pælen går 22 meter ned i sjøen og er forankra i berget.

Kaien vert 145 meter lang og 1800 kvadratmeter stor.
Foto: Stordbase

Eit par steinkast unna ligg eit kunstverk av ein kai der Engelsen Entreprenør har hatt ei sentral rolle i bygginga saman med Birken AS.

Aker sitt massive kaianlegg med djupvasskai er den største av sitt slag i Noreg, og ei ordntleg fjør i hatten for dei involverte partane.

Kaien stod ferdig i fjor og har ein storleik på heile 17.000 kvadratmeter. Det gjekk med over 5.700 kubikkmeter betong og 635.000 kilo armering. Ein kai bygd for framtida, og den vidare utviklinga av Aker på Stord.

Adrian Halleraker under bygging av Noregs største kaiprosjekt på Aker Solutions i 2019.

- Engelsen Entreprenør har som mål å vera den største betongentreprenøren i Sunnhordland, med fokus på industri og næring - og tek på seg både totalentreprisar og hovudentreprisar. Kaiprosjekta er ein viktig del av våre leveransar. Me har opparbeida oss erfaring og kompetanse til å hjelpa kundar med komplette løysingar, frå ynskje/idé til ferdig produkt, seier Vad.

Adrian Halleraker under bygging av Noregs største kaiprosjekt på Aker Solutions i 2019.

Adrian Halleraker under bygging av Noregs største kaiprosjekt på Aker Solutions i 2019.

Den omfattande kaibygginga i Sunnhordland har gitt Engelsen Entreprenør god kompetanse innan fagfeltet.

Vad fortel at den store oppdragsmengda innan kai i stor grad er relatert til oppdrettsnæringa, men at dei også har kaioppdrag for andre private og offentlege byggherrar.

- Me har jobba målbevisst i denne marknaden, og har bygd oss opp ein solid kompetanse på kai der me har funne ulike konsept og metodar for bygging av kai. Det er viktig at me er ein solid og trygg leverandør av våre tenester. Det er dette me vinn oppdrag på, i tillegg til at me er lokale og erfarne, samt konkurransedyktige på pris, slår han fast.

Filosofien har gitt resultat, og Vad fortel at Engelsen Entreprenør ikkje har hatt permitteringar gjennom eit utfordrande korona-år.

- Me er stolte over å kunna seia at pandemien ikkje har gått ut over verken prosjekt eller leveringar, slår han fast.

Astrid Salomonsen er prosjektleiar for bygging av ny kai på Eldøyane.

Astrid Salomonsen er prosjektleiar for bygging av ny kai på Eldøyane.

Engelsen Entreprenør satsar på utvikling av lærlingar innan betongfaget med mål om å byggja kompetansen deira vidare.

- Rekruttering er svært viktig for oss, fortel Salomonsen. - Kvart år tek me inn éin til to lærlingar med mål om å bygga kompetansen deira vidare. Me prøver å rekruttera lokalt så godt det let seg gjera, og har fokus på trivsel og læring.

Astrid Salomonsen er prosjektleiar for bygging av ny kai på Eldøyane.

- Me har all kompetanse på huset - frå ingeniørar til betongarbeidarar og lærlingar. Det gjer at me kan handtera alle typar prosjekt utan å måtte leige inn ekstern arbeidskapasitet. Gjennomsnittsalderen her er 40 år, noko me meiner gir ein god indikasjon på at dei tilsette er ein god miks av unge og eldre. Dei unge er gjerne meir nytenkande og ambisiøse, medan dei eldre har tyngde og meir erfaring, kommenterer Vad.

Våre kaiprosjekt

Storakaien, Stord
415 meter kailengde
Byggherre: Aker Solutions
Foto: Aker Solutions

Nedrevåge, Tysnes
130 meter kailengde
Byggherre: Alsaker Fjordbruk AS

Røvær
160 meter kailengde
Byggherre: Røvær Fjordbruk AS

Onarheim, Tysnes
115 meter kailengde
Byggherre: Alsaker Fjordbruk AS

Beinskrokjen, Austevoll
35 meter kailengde
Byggherre: Hardhaus AS