Lagar gamle bilete om til nye

Med over seksti års erfaring til saman innan foto og film, kan Malene Aasheim og John Heine Fadnes hos Elite Foto hjelpa deg med det meste.

BAK DISKEN HOS Elite Foto på AMFI står Malene Aasheim føre PC-en. Skjermen viser eit bilete av to unge menn, på Kjøtteinen i 1958.

Malene Aasheim hos Elite Foto på AMFI Stord

Malene held opp originalbiletet, som ligg oppslått i ein fotoalbum like ved.

- Dette biletet jobbar eg med å laga ein digital versjon av. Då kan kunden enkelt forstørra det opp, ramma det inn og henga det på veggen. Når biletet er digitalt er det og enklare å dela det med andre, seier ho.

- Folk kjem ofte innom med bilete som er øydelagde, som er falma eller treng retusjering. Heldigvis er det mogleg for oss å reparera dei og gjera bileta "nye" igjen. Me kan til og med laga nye hjørne dersom desse manglar.

Retusjering kan også gjerast på vanlege mobilbilete - der ein kan ta vekk forstyrrande element eller ta utsnitt av personar.

Gamle bilete kan få nytt liv hos Elite Foto.

Gamle bilete kan få nytt liv hos Elite Foto.

Malene Aasheim hos Elite Foto på AMFI Stord

Malene Aasheim hos Elite Foto på AMFI Stord

Har du gamle filmar, dias eller negativar du vil ha ut i bilete eller digitalt?

Har du gamle filmar, dias eller negativar du vil ha ut i bilete eller digitalt?

Ei perfekt gåve

Aasheim er utdanna fotograf og har over 10 års erfaring med produksjon, retusjering og sal av foto. Då Elite Foto flytta frå Borggata til AMFI tok ho over den daglege butikkdrifta.

Prosessen med å forvandla gamalt til nytt er eit handverk som Malene utfører manuelt.

Har du gamle filmar, dias eller negativar du vil ha ut i bilete eller digitalt?

- Mange opplever at det er gøy å ha gamle minne på veggen, antan det er heima eller på hytta. Eg spør ofte kundar som ynskjer fornying om dette er ei gåve til dei sjølv eller nokon andre, forklarar ho.

- Dette er nemleg eit flott gåvetips som kan vera til stor glede for fleire generasjonar. Digitalisering er ein fin måte som gjer at ein kan dela det med fleire, anten det er eit gamalt bryllaupsfoto eller eit bilete som har vore i bestemor sin gamle album men som fortener å hengjast opp på veggen.

Digitalisering av gamle filmar og dias

I dag ligg timevis med video og smalfilm gøymd vekk på loft og i kjellar. Ein æra er over, og kamera og tilhøyrande avspelingsmaskinar har sett sine glansdagar.

- Om du har gamle videokassettar kan me hjelpa deg med å få dei over i digitalt format, anten til DVD, USB eller harddisk. Med digitaliseringa kan du henta fram dei gamle minna og kosa deg med bryllaupsvideoen frå 1987 eller bilferien frå då borna var små. Ta filmane med i butikken til oss, så kan me hjelpa deg å henta fram minna, oppmodar John Heine.

Hos Elite Foto får du digitalisert alle typar film.

Han har drive med foto og film sidan 1976, og spelar framleis ei rolle i den daglege drifta av Elite Foto.

- Hos oss kan du vera sikker på at du får den hjelpa du treng, anten du kjem med gamle bilete eller vil ha hjelp til å få bileta frå mobilen din og opp på biletkiosken vår. Kom innom oss for ein hyggeleg prat, Malene og eg hjelper deg gjerne, avsluttar John Heine med eit smil.

Hos Elite Foto får du digitalisert alle typar film.

Hos Elite Foto får du digitalisert alle typar film.

HOS OSS FÅR DU

  • Klikk og hent-framkalling
  • Forstørringar
  • Fotogåver
  • Fotointeriør
  • Digitalisering av videokassettar/smalfilm
  • Digitalisering av gamle bilete

OPNINGSTIDER
Mån - fre: 10 - 20
Laurdag: 10 - 18

KONTAKT OSS
Tlf. 97 32 56 88
stord@elitefoto.no

Følg oss gjerne på Facebook!