Gode minne blir dei finaste julegåvene

Ein fotokalender er ei perfekt julegåve som treff rett i hjarta til den som får han - anten det er til besteforeldre, til mannen, til kona, borna - eller kanskje kjærasten?

- Kalender er ein enkel måte å ta vare på dei gode minna, og er ei utruleg fin og personleg julegåve. Mange skreddarsyr kalendrane og finn bilete som passar til mottakar, og slik vert det ei kjærkomen gåve til den som får. Ein kan laga kalendrane ekstra personlege og flle av gode minne - og sidan me trykker på ekte fotopapir kan ein enkelt klyppa ut bileta eller ta vare på heile kalenderen når året er omme, smiler Malene Aasheim hos Elite Foto.

I oktober får du 30% på alle fotokalendrar og julekort hos Elite Foto. Bestill her!

BUTIKKEN PÅ AMFI går ei travel tid i møte. Snart vert butikken pynta til høgtida, og ein kan koma innom for idear og inspirasjon.

Elite Foto har eit stort utval av populære julegåver: frå koppar, puslespel og fotobøker til rammer, biletremser og anna fotointeriør. Mange er også begynt å tenka på julekort.

Adina Agdestein og Malene Aasheim.

- Jula er tida for å spreia varme og ta ekstra godt vare på dei rundt seg. Kva er vel hyggelegare enn å senda litt glede i postkassen? Dei siste åra har avstanden mellom oss vorte større på grunn av korona, og mange har kanskje ikkje treft slekt og vener så ofte som ein skulle ynskja. Difor vil nok mange setja ekstra stor pris på ei hyggeleg og personleg julehelsing i år, trur Malene.

Julekort er ei kjærkomen helsing - kanskje spesielt i desse tider.

Hos Elite Foto finn du eit stort utval av enkle og doble julekort.

Adina Agdestein og Malene Aasheim.

Adina Agdestein og Malene Aasheim.

Julekort er ei kjærkomen helsing - kanskje spesielt i desse tider.

Julekort er ei kjærkomen helsing - kanskje spesielt i desse tider.

Hos Elite Foto finn du eit stort utval av enkle og doble julekort.

Hos Elite Foto finn du eit stort utval av enkle og doble julekort.

På Elite Foto si nettside kan du enkelt lage fotokalendrar, julekort og anna.

- Det finst mange ulike format, storleikar og flotte profesjonelle design å velja mellom. Det er intuitivt og brukarvenleg, og du treng ingen forkunnskap for å få eit fantastisk resultat. Det einaste du treng å gjera er å velja ut bileta du ynskjer å bruka, så er det berre å setja i gong. Dersom ein er usikker kan ein gjerne koma ned i butikken, så hjelper me deg å setja saman kalendrar på fotokioskane hos oss, kommenterer ho.

BAK DISKEN I BUTIKKEN står Kathrin Østrem og ser over kalenderbestillingane som er komne inn. Lynrask levering og lokal produksjon gjer at du kan henta kalenderen nokre timar etter at du har sendt inn bestillinga.

- Me framkallar på ekte fotopapir, noko som gjer at kvaliteten blir uslåeleg og gjengivinga av bilete blir svært god.

Kathrin Østrem framkallar kalenderbestillingar i butikken.

Fordelane med å velja ein lokal fotobutikk er fleire.

- Me er effektive og har god kundeservice. Er det noko du lurer på kan du ringa oss eller ta turen ned i butikken. Det er ofte enklare enn eit selskap som berre eksisterer på nett, der du ikkje har kundekontakt men vert ein del av eit køsystem, poengterer Malene.

Kalendrane er printa på ekte fotopapir.


FOTOKALENDER ER EI GÅVE som er ekstra kjekk å gi vekk.

- Det er så personleg og det ligg mykje omtanke bak kvar einaste kalender. Eg kosar meg når desse vert framkalla, for eg veit at dette er gåver som varmar. Sjølv plar eg å laga kalendrar til familie og nære - og dei vert sett like stor pris på kvar einaste år, smiler Malene.

Før sette ein alle bileta i album, men i dag vert bileta som oftast liggande på telefonen. Tenk om dei skulle forsvinna - alle bursdagar, høgtider, milepålar og kvardagsglimt.

Adina Agdestein (t.v.) og Malene Aasheim.

- Det er lite som slår kjensla av fysiske bilete i handa. Difor er det kanskje ekstra kjekt å gi fotokalender, slik at bileta får den merksemda dei fortener. Dette er verkeleg den perfekte julegåva som gir glede heile året.

Kathrin Østrem framkallar kalenderbestillingar i butikken.

Kathrin Østrem framkallar kalenderbestillingar i butikken.

Kalendrane er printa på ekte fotopapir.

Kalendrane er printa på ekte fotopapir.

Malene Aasheim hjelp Adina Agdestein på fotokiosken i butikken.

Malene Aasheim hjelp Adina Agdestein på fotokiosken i butikken.

Adina Agdestein (t.v.) og Malene Aasheim.

Adina Agdestein (t.v.) og Malene Aasheim.

Item 1 of 2

OPNINGSTIDER
Mån - fre: 10 - 20
Laurdag: 10 - 18

KONTAKT OSS
Tlf. 97 32 56 88
stord@elitefoto.no

Følg oss gjerne på Facebook!