Får meir fritid

med solid støttespelar i bakhand

Arne Meinert Aadland har vore byggmeister i 40 år. Det hadde ikkje vore like enkelt utan ein solid støttespelar som tok seg av rekneskapet.

- Eg likar det ikkje heller, humrar Arne Meiner Aadland (66).

Den erfarne byggmeisteren snakkar om rekneskapet til bedrifta si.

- Det er mykje å forhalde seg til, mange forskrifter og lover som må følgjast. Då er det betre at me overlét den delen til nokon som verkeleg veit kva dei driv med.

Dei siste tjue åra har Aadland drive tømrarfirmaet Aadland og Almås Bygg AS saman med Almås. Firmaet tel fire mann og driv hovudsakleg med rehabilitering av bustad.

Kvardagen er hektisk, og det er nok å henga fingrane i.

I sitt 46 år lange yrkesliv har Aadland vore entreprenør i førti av dei, og har mellom anna vore kontraktør for Block Wathne.

For tolv år sidan inngjekk Aadland og Almås Bygg AS eit kundeforhold med ECIT, eller Aktiva Økonomiservice som det heitte den gongen.

- Det var hovudsakleg kjennskap til personar i firmaet og ein svært god pris som gjorde at valet fall på ECIT då me trong nokon til å ta seg av rekneskapet. Det valet har me ikkje angra på, slår Aadland fast.

I ECIT har Aadland og Almås Bygg AS funne ein solid støttespelar. Der Aadland kjenner bedrifta si og behova, kjenner rekneskapsførarane lovane og reglane han må forholda seg til.

For Aadland sin del har det vore viktig å kjenne ansikta til dei som jobbar på rekneskapskontoret.

Arne Meinert Aadland saman med autorisert rekneskapsførar Marte Eldøy Ottesen (t.v.) og dagleg leiar Liv Marit Børve.

- Du får eit meir personleg forhold og eit betre samarbeid. Det er trygt å ha eit kontor i bakhand som ein kan leggja turen innom og snakka med om det skulle vera noko.

- Dessutan veit eg at bedrifta mi er i dei beste hender når me let ECIT utføra alt for oss, utdjupar han og legg til: - Så kan eg bruke tida mi på andre ting, som å bygge firmaet og utføre jobben for kundane våre.


Arne Meinert Aadland saman med autorisert rekneskapsførar Marte Eldøy Ottesen (t.v.) og dagleg leiar Liv Marit Børve.

Arne Meinert Aadland saman med autorisert rekneskapsførar Marte Eldøy Ottesen (t.v.) og dagleg leiar Liv Marit Børve.

GODT SAMARBEID: Marte Eldøy Ottesen (f.v.), Arne Meinert Aadland og Liv Marit Børve.

GODT SAMARBEID: Marte Eldøy Ottesen (f.v.), Arne Meinert Aadland og Liv Marit Børve.

Marte Eldøy Ottesen viser korleis Arne får full oversikt i skya.

Marte Eldøy Ottesen viser korleis Arne får full oversikt i skya.

Full oversikt i skya

Seine kveldar og ei mørk sky som stadig heng over hovudet.
Er ting korrekt bokført? Stemmer alt overeins?
Faktura som vert sendt ut på papir, KID-nummer som må tastast inn manuelt.

- Alle kveldar gjekk til arbeid og rekneskap før. Det var eit tungvint system. Med systemet til ECIT har det vorte ein ny kvardag, og eg kan sitje i sofaen og følgje med på tala. Det einaste eg gjer sjølv er å føre inn timelister, smiler den røynde entreprenøren.

ECIT tilbyr eigne system som gjer det enkelt for kundane å følgja med.

Marte Eldøy Ottesen viser korleis Arne får full oversikt i skya.

- Systemet er oversiktleg og enkelt, og me har fått mange positive tilbakemeldingar på dette. Digitaliseringa har også gjort det enklare for kundane våre, og me opplever eit tettare kundeforhold. No har ein kontakt på ulike flater, og kunden kan chatte, ringe eller maile oss, fortel Liv Marit Børve, dagleg leiar for ECIT Stord.

- Rekneskap er blitt så enkelt. No har me full oversikt i skya, og det er knallgøy å følgja med! slår Aadland fast.

Sjølv er han snart klar til å leggja inn årene og nyta livet som pensjonist. Sonen Arnfinn står klar til å overta skuta saman med andre dyktige tømrarar.

- Men eg kjem nok til å følgje med i skya likevel, blunkar han.

Arne Meinert Aadland er svært nøgd med å ha fått meir fritid som følgje av å la ECIT Stord ta seg av rekneskapet.

Arne Meinert Aadland er svært nøgd med å ha fått meir fritid som følgje av å la ECIT Stord ta seg av rekneskapet.

Tenestene våre

  • Rekneskap
  • Lønn
  • Rådgiving
  • Fakturering
  • Stifting av selskap
  • Avvikling av selskap
  • Årsoppgjer
  • Budsjett
  • Inkassotenester
  • IT-leveransar

Kontakt oss
post@aktiva.no
Tlf. 53 45 63 00

ecit logo