Bygde draumehuset med "Steinsbøen"

Med utsikt over Storavatnet har Anja og Olve Tufta Nyhammer bygd draumehuset - med god hjelp av dyktige fagfolk i Blink Hus Steinsbø.

Anja og Olve Tufta Nyhammer treivst eigentleg godt i det førre huset sitt, men då den perfekte tomta dukka opp var dei aldri i tvil.

Det var starten på eit nytt huseventyr for ekteparet, og mindre enn to år etter at dei besøkte tomta for første gong, bur dei no i eit nybygg som har fått alt det dei ynskjer av fasilitetar.

- Me var raskt i kontakt med Blink Hus Steinsbø som teikna huset for oss og har hjelpt oss gjennom heile byggeprosessen. I dag bur me i draumehuset, smiler dei.

Anja og Olve Tufta Nyhammer ynskjer velkomen inn i nybygget i Telegrafvegen. Alle foto: Tine Andrea Torkelsen

Fasaden vert levande med både kledning og veggplater. Store vindauge slepp godt med lys inn og gir ei fantastisk utsikt mot Storavatnet.

Sondre Natås Strand har vore prosjektleiar frå Steinsbø Hus.

Sondre Natås Strand har vore prosjektleiar frå Steinsbø Hus.

Stova er inndelt i ulike seksjonar.

Stova er inndelt i ulike seksjonar.

I første etasje er det laga til eit aktivitetsrom med innandørs fotballbane.

I første etasje er det laga til eit aktivitetsrom med innandørs fotballbane.

SONDRE NATÅS STRAND kom inn som prosjektleiar for Blink Hus Steinsbø, og saman med han skreiv ekteparet ned alle ynskjer og behov for nybygget.

- Me hadde eit relativt beskjedent utgangspunkt i starten, og låg på rundt 200m2. Det ferdige huset har enda opp på over 300m2, fortel Olve Tufta Nyhammer med eit smil.

Sondre Natås Strand har vore prosjektleiar frå Steinsbø Hus.

- Storleiken på huset vaks i takt med at ulike behov vart avdekka, nikkar Sondre.

Resultatet er ein einebustad dei kan bu i heile livet, og som støttar heile familien sine behov. Anja og Olve skildrar seg sjølv som ein moderne familie, med born på 18, 15, 11 og 6 år.

Stova er inndelt i ulike seksjonar.

- Det var viktig for oss at alle borna fekk store og gode rom. Me gjekk vekk frå å ha TV-stove til borna, då me veit av erfaring at det ikkje blir brukt. Løysinga vart i staden at borna fekk kvar sine store rom der dei både kan slappa av, vera med vener og dyrka interessene sine. I tillegg har dei stor plass når dei ein gong flyttar ut og kjem heim igjen på besøk, fortel Anja.

I første etasje er det laga til eit aktivitetsrom, der familien har innreia med kunstgras.

- Her er det stadig fotballkampar mellom store og små i familien, smiler Olve.

I første etasje er det laga til eit aktivitetsrom med innandørs fotballbane.

Kjøkkenet har moderne, glatte flater.

Kjøkkenet har moderne, glatte flater.

Interiørbilete, kjøkken

Interiørbilete, kjøkken

Eitt av barneromma har fått kontrastvegg med kalkmaling.

Eitt av barneromma har fått kontrastvegg med kalkmaling.

Møblar som ein trivst med og er komfortable er viktig, meiner Anja.

Møblar som ein trivst med og er komfortable er viktig, meiner Anja.

- Me set pris på når heile familien kan krypa opp i sofaen for ei hyggeleg stund føre TV-en saman, seier ekteparet.

- Me set pris på når heile familien kan krypa opp i sofaen for ei hyggeleg stund føre TV-en saman, seier ekteparet.

Einebustaden har utsikt over Storavatnet.

Einebustaden har utsikt over Storavatnet.

Kunsten i huset er av personleg betydning for ekteparet, og er laga av søster til Olve.

Kunsten i huset er av personleg betydning for ekteparet, og er laga av søster til Olve.

Item 1 of 7

TANKAR, IDEAR OG handskisser vart sendt vidare til arkitektane til Blink Hus Steinsbø.

- Dei lagar salsskisser ut i frå behova. Sidan får ein utdelt planteikningar, fasade og perspektiv - og ein også få 3D-modell av huset som let deg oppleva huset både inn- og utvendig. Ofte er ikkje det første utkastet perfekt, og me gjer nye korrigeringar heilt til kunden er nøgd, forklarar Sondre.

For Anja og Olve var det viktig å nytta romma og arealet mest mogleg. Av erfaring visste dei at det går vekk mykje plass til skråtak - og løysinga vart difor ein moderne einebustad med store vindaugsflater.

Anja og Olve (t.v.) saman med prosjektleiar Sondre Natås Strand.

- Prosessen har vore veldig god, og alt har gått saumlaust for seg. Heilt frå me kontakta Steinsbø Hus og sette i gong med teikningane, til huset var innflyttingsklart, har me hatt ein god dialog med både Sondre som prosjektleiar og seinare Johannes Markhus som byggeleiar, skryt Anja.

- Det er lov å seia at Anja og Olve har vore eksemplariske kundar, smiler Sondre. - Dei har kome med ærlege og direkte tilbakemeldingar heile vegen, og stolt på at fagfolka kan jobben sin.

Anja og Olve (t.v.) saman med prosjektleiar Sondre Natås Strand.

Anja og Olve (t.v.) saman med prosjektleiar Sondre Natås Strand.

MANGE KJENNER ANJA som dagleg leiar for Møbelringen på Bømlo. Det nye huset ber tydeleg preg av lidenskapen hennar for møblar og estetikk.

- Eg er ikkje så oppteken av trendar og detaljar. Eg tenker at det er heilskapen som er det viktigaste, seier ho.

Når Anja har innreidd det nye huset, har komfort vore i fokus.

- Både Olve og eg er av den typen som elskar å sitja lenge rundt middagsbordet med familie og vener, og set pris på når heile familien kan krypa opp i sofaen for ei hyggeleg stund føre TV-en saman.

Møblar som er komfortable å sitja i er difor svært viktig for ho.

- Det er nok av spinndyre sofaer som er heilt forferdelege å sitja i! For meg er det viktig at ein kjøper møblar osm ein likar og trivst med - uavhengig av kva som er trendy, seier ho med eit smil.

Det er inga tvil om at det er omfattande å innreia eit heilt hus. Difor oppmodar ho gjerne til å koma innom Møbelringen med planteikningar, bilete eller anna dersom ein vil ha hjelp til innreiing - både av heile hus og enkelte rom.

- Mange opplever det som vanskeleg å skulla møblera når ein flytter, bygger nytt eller pussar opp. Ting endrar seg, og ein likar kanskje ikkje dei same tinga som tidlegare. Då er det greitt å vita at ein kan koma innom og få god hjelp. Møblar er ofte dyre og kan sjåast på som ei investering - då er det greitt å vera trygg på vala ein tek.

Den doble garasjen står i stil til huset.

Den doble garasjen står i stil til huset.

Her har Olve og bandet øvingslokale.

Her har Olve og bandet øvingslokale.

I TILLEGG TIL EINEBUSTADEN har ekteparet bygd ein dobbel garasje med fullt innreidd andre etasje.

Olve jobbar som kiropraktor og dagleg leiar for Nemus på Bømlo og Stord - og spelar i bandet Ma'n i gato på fritida.

"Garasjeloftet" er difor blitt øvingslokale for det lokale bandet, som spelar sjølvlaga funk-rocka visepop med eigne tekstar på dialekt.

Den doble garasjen står i stil til huset.

- Det er fint å kunna ha ein plass til alle instrumenta mine, og ein stad der me kan øva i fred.

- Ja, det er heilt suverent, stemmer Anja i med eit lurt smil. - Eg sender han berre ut i garasjen om han er litt gretten - då tek det ikkje lang tid før han vert blid igjen.

Den doble garasjen er bygd i same stil som einebustaden, men for å unngå eit "firkanta" preg har ein valt ein kvit fasade av veggplater på framsida. Det binder dei to bygga enno betre saman.

Her har Olve og bandet øvingslokale.

DET NYE HUSET ber preg av gjennomtenkte løysingar, og heilskapen er sydd saman i detaljane.

Ein peisinnsats skil stova frå kjøkkenet.

- Me tilpassar oss alltid kunden sine behov, og leverer det som vert ynskja. Alle val som er tekne innleiingsvis dannar utgangspunktet for eit tilbod, men det er fullt mogleg å endra på dette når byggeprosessen er i gang. Det er også lov å ombestemma seg, forklarar Sondre.

Som kunde og byggherre kan ein sjølv velja kor involvert ein skal vera: Vil ein ha ferdig nøkkel i døra så kan ein dette, men ein kan også få levert byggesett og tømrarar.

Kjøkkenet ber preg av svarte detaljar og står i stil til resten av etasjen.

- Det har blitt nokre turar til Hollundsdalen for å sjå på ulike val. Det er overraskande mykje å ta stilling til og tenkja på når ein bygger hus. Heldigvis har me fått god vegleiing og hjelp heile vegen, også over kostnadsbiletet.

- Det er viktig for oss at ingen endringar blir gjennomførte utan godkjenning frå kunden. Dette gjer at ein kan senka skuldrane, og ikkje vera bekymra for uføresette kostnadar eller skjulte, fordyrande ledd, avsluttar Sondre.

Olve er glad i musikk. Platesamlinga hans har fått plass i stova.

Ein peisinnsats skil stova frå kjøkkenet.

Ein peisinnsats skil stova frå kjøkkenet.

Kjøkkenet ber preg av svarte detaljar og står i stil til resten av etasjen.

Kjøkkenet ber preg av svarte detaljar og står i stil til resten av etasjen.

Olve er glad i musikk. Platesamlinga hans har fått plass i stova.

Olve er glad i musikk. Platesamlinga hans har fått plass i stova.

KONTAKT OSS

Blink Hus Steinsbø
Tlf. 53 42 85 20
blinkhus@kr-steinsbo.no

www.kr-steinsbo.no