Kundefavoritten

Sunnhordlendingane dreg gjerne til Haugesund for å kjøpa bil. Her kan du lesa om kvifor.

Med uslåelege kundeløfte, høg kvalitet og framoverlent teknologi, leverer Nissan det vesle ekstra til deg som bileigar.

Når ein i tillegg får god service og kan ta bilen med på dagen, er det kanskje ikkje så rart at sunnhordlendingane gjerne dreg til Haugesund for å kjøpa bil.

personbiler nissan

Nissan Leaf, Qashqai, X-Trail og Micra.

Nissan Leaf, Qashqai, X-Trail og Micra.

Tre suksessrike år

Nissan Leaf har i fleire år gått sin seiersgang i Europa. I fjor vart han kåra til den mestseljande elbilen i sunnhordlandsregionen. Same år vart han også den mest kjøpte elbilen i heile Europa.

Ei fjør i hatten for Nissan-forhandlaren i Haugesund.

- Nøkkelen til suksess ligg i eit framoverlent bilmerke som set kunden sine behov i førarsetet, trur Harald Wangen, seljar hos Bilsenteret Haugesund. Han har vore med sidan butikken opna for tre år sidan.

Portrettfoto Harald Wangen

Harald Wangen hos Bilsenteret Haugesund.

Harald Wangen hos Bilsenteret Haugesund.

Det var på tampen av 2016 at Bilsenteret Haugesund overtok Nissan-agenturet. Verksemda er eigd av Knutsen-familien, som også eig Åkra Bil. Bilsenteret Haugesund har dermed eit solid konsern i ryggen, med over 50 års erfaring frå bransjen.

- Nissan fekk seg eit løft med butikken her. I tillegg fører me berre eitt bilmerke, noko som gjer oss til spesialistar på det me driv med. Det kjem kundane våre til gode, smiler Wangen.

Heilt sidan opninga har Bilsenteret Haugesund vakse jamt. Mykje av grunnen er plasseringa, som ligg midt i smørauga med kort avstand til både Raglamyr, Karmøy og sentrum. Enkel tilkomst med avkøyring frå hovudvegen gjer det enkelt for kundane å finna fram.

Fasadefoto Bilsenteret Haugesund

Plasseringa er midt i smørauga: kort avstand til både Raglamyr, Karmøy og sentrum gjer det enkelt å stikka innom. Enkel tilkomst med avkøyring frå hovudvegen gjer det enkelt for kundane å finna fram. Foto: Ellis del Sol.

Plasseringa er midt i smørauga: kort avstand til både Raglamyr, Karmøy og sentrum gjer det enkelt å stikka innom. Enkel tilkomst med avkøyring frå hovudvegen gjer det enkelt for kundane å finna fram. Foto: Ellis del Sol.

tilsette ved bilsenteret haugesund

Magnus Hope Røeggen (salsansvarleg), Harald Wangen (seljar), Joar Borge (seljar), Johan Hjelmaas (serviceleiar) og Trond Kjetil Hauso (kundevegleiar).

Magnus Hope Røeggen (salsansvarleg), Harald Wangen (seljar), Joar Borge (seljar), Johan Hjelmaas (serviceleiar) og Trond Kjetil Hauso (kundevegleiar).

Kundeløfte

Butikken i Haugesund er laga etter Nissan-standard med tanke på innreiing og konsept.

Førre veke opna bilverkstaden under same tak som butikken, og dei tilsette er entusiastiske over å få samla heile tilbodet under eitt tak. Det gjer kvardagen for mekanikarar og kundemottakarar langt meir saumlaus og effektiv.

Grunnsteinane i filosofien til Nissan er dei fire kundeløfta:

  • Fri mobilitet
  • Livstids Nissan-assistanse
  • Gratis tilstandskontroll
  • Prisløfte

- Me er stolte over kundeløfta. Det handlar om at Nissan ynskjer å ta vare på deg som bileigar. Du får låne bil når din eigen er på verkstad, du har gratis veghjelp og får gratis tilstandskontroll på bilen din. Kvardagen din som sjåfør skal vera enkel og forutsigbar, fortel Wangen.

- Me har ein kunde som nettopp har overtala både sonen og dottera til å kjøpa Qashqai. Ein anna kunde har vore merketrufast sidan han kjøpte sin første Nissan på 70-talet. Slike ting er kjekt, og det gir oss stor tru på at det me gjer er rett.

varebilar frå Nissan

Andre rekkje: e-NV200 Evalia, Navara, e-NV200, NV300 og NV400.

Andre rekkje: e-NV200 Evalia, Navara, e-NV200, NV300 og NV400.

Spanande nyheiter

Bilbransjen er i stadig endring. Elektriske bilar og teknologiske løysingar gjer at bilprodusentane heile tida må hevda seg. Nissan har tradisjonelt sett alltid vore i forkant av marknaden.

- Faktisk har Nissan laga elbilar heilt sidan 1947. Eit anna eksempel er Qashqai, som var den første høge personbilen på marknaden. Det var ein augeopnar for mange at ein kunne setja seg inn i bilen og ikkje ned i bilen, fortel Wangen.

Med braksuksessen Nissan Leaf hevda bilprodusenten seg definitivt i toppsjiktet. Difor er det knytt store forventningar til nyheitene som Nissan kjem med.

- Me veit at Nissan kjem med nye, elektriske bilar og hybridar. Førebels held dei korta tett til brystet, men me veit at det skal koma ein elektrisk SUV. Det er berre til å følgja med, det er mange spanande nyheiter like om hjørnet.

Nissan Leaf

Ikoniske Leaf er eit kapittel for seg. At bilen har vore ein salssuksess, er statistikken ein knusande indikator på.

Tidlegare i år kom kundefavoritten i to nye, identiske utgåver: den eine med 270 km rekkevidde (WLTP), 150 HK og 40 kWh.

Den andre med 385 km rekkevidde (WLTP), 215 HK og 62 kWh.

Med desse utgåvene skulle dei aller fleste køyrebehov vera dekka.

Wangen trekkjer fram ei upåklageleg køyreoppleving som ein av grunnane til suksessen.
- Det er minimalt med feil på Leaf. Me har Leaf-ar som har køyrd 400.000 kilometer og framleis ikkje treng å byta batteri, seier han.

I fjor vart Nissan det sjette mest selde bilmerket i Noreg. Det høge talet kan Leaf ta noko av æra for. Men sjølv om tala er gode, kviler ikkje Bilsenteret Haugesund på laurbæra:

- Målet vårt er å ligga over landssnittet for Nissan. Det har eg stor tru på at me skal fortsetja å klara, slår han fast.

Tlf. 52 70 60 70
post@bilsenteret.haugesund.no
www.bilsenteret.haugesund.no

Opningstider:
Man - fre: 07:30 - 16:30
Torsdag: 07:30 - 19:00
Laurdag: 10:00 - 14:00

bilsenteret haugesund logo