Frå rogn til slakteklar laks

Historia om oppdrettslaksen til Alsaker Fjordbruk er ei historie om kvalitet, berekraft, god fiskehelse - og ein god porsjon lidenskap.

- Fekk du obdusert rognkjeksen?

Yvonne Sett kastar eit blikk bort på kollegaen sin. Den vesle rognkjeksen måler åtte centimeter, er oppdretta av Onarheim Bruk på Tysnes og har levd livets glade dagar i merdane saman med 200.000 laks.

No ligg han på ei kvit plastfjøl på stålbenken hos Nordsjø Fjordbruk AS i Klungervik, eit dotterselskap i Alsaker Fjordbruk-konsernet.

- Eg kom til tre lus, der ingen var kjønnsmodne. Og tre pellets, svarar May Britt Larsen.

Den vesle nyttefisken vart med opp under dagens røkting. Gjennom store slangar vert "kinahatten" som finst i botn av kvar merd, nytta til å fjerne og frakte ut daudfisk.

Flott oransje augerogn er starten på livet til laksen som etter omlag 3 år er på veg ut til verdas matfat. Foto: John Asle Hansen.

Det er ikkje påkrevd at matfiskanlegga obduserer nyttefisken på denne måten, men Yvonne har valt å implementera det i rutinane likevel.

- Då veit me meir om rutinane våre, og arbeidet me legg ned, fungerar, og me ser om den vesle fisken har gjort jobben sin, forklarar ho.

- Nyttefisken vert også fôra, men han må likevel vera svolten nok til å ete lusa. Det er ein hårfin balanse. Difor gir slike obduksjonar oss ein god indikasjon på om ting fungerer, seier Yvonne med dedikasjon i stemma.

Flott oransje augerogn er starten på livet til laksen som etter omlag 3 år er på veg ut til verdas matfat. Foto: John Asle Hansen.

Flott oransje augerogn er starten på livet til laksen som etter omlag 3 år er på veg ut til verdas matfat. Foto: John Asle Hansen.

YVONNE SETT ER driftsleiar for matfiskanlegga Klungervik og Noppane. Begge anlegga er lokalisert i Stokksundet og kan sjåast frå Trekantsambandet. Den viltre fjorden forsyner ikkje berre merdane med ypparleg sjøvatn - lokasjonen er også midt i smørauga for leveranse og transport av fisk.

No kastar Yvonne eit blikk ut over det landfaste stålanlegget.

- Det er vêrhardt i dag, seier ho og smiler slik at det blenkjer i gullaksen på tanna. - Og det bles godt. Berre vent til me er ytst på merdane!

At den tyske kvinna er driftsleiar for to av matfiskanlegga til Alsaker Fjordbruk, er inga sjølvfølgje.

Yvonne vaks opp i Tyskland, og jobba som farmasøyt før ho flytta til Noreg. Tilfeldigheiter førte ho inn i oppdrettsbransjen, og i dag har ho teke fagbrev innan akvakultur. Ho er lidenskapeleg oppteken av jobben sin og velferda til både laksen og rensefisken.

- Det høyres kanskje sprøtt ut, men dei ulike utsetta med laks er fullstendig ulike! For eksempel er det stor forskjell på vårfisk og haustfisk. Nokre er rolege, andre er "lurefiskar". Nokre står høgt i sjøen, andre gjer ikkje det. Desse me har no, blir eg ikkje heilt klok på. Dei står djupt i merden og er beint fram sære!

UTE I MERDANLEGGET hoppar laksen lystig. Han vart sett ut på seinsommaren i fjor og veg allereie eit par kilo.

Etter planen skal han slaktast i vinter, men før den tid skal han veksa seg til ein rugg på mellom fire og seks kilo.

Via undervasskamera har Yvonne og dei andre prosessoperatørane full oversikt over fisken si åtferd, temperatur og oksygennivå i sjøen samt andre parameter som er viktige for fiskehelsa. Det er ein travel kvardag som inneber mangeulike oppgåver.

Via undervasskamera kan prosessoperatørane følgja med på om laksen et godt og korleis han oppfører seg.

- Me føl med på om fisken et godt, om han oppfører seg som forventa. Det er ikkje bra å fôra for mykje, så det er ei kontinuerleg vurdering me må gjera. Det er svært viktig for oss at fisken har god helse, at han trivst i merdane og veks godt. Elles ser me over at nøtene er reine, kontrollerer at ingen rampar er lause, at hoppenettet heng som det skal, at automatane har fôr... i tillegg skal det loggførast at arbeidet er utført. Det er strenge krav til dokumentasjon i alle ledd, forklarar ho.

Med ein joystick kan Yvonne Sett styra undervasskamera i merdane.

Med ein joystick kan Yvonne Sett styra undervasskamera i merdane.

Via undervasskamera kan prosessoperatørane følgja med på om laksen et godt og korleis han oppfører seg.

Via undervasskamera kan prosessoperatørane følgja med på om laksen et godt og korleis han oppfører seg.

40 KILOMETER LENGER sør held settefiskanlegget Fjon Bruk til, inst inne i Ålfjorden i Sveio. Det moderne anlegget, etablert tilbake i 1973, har Noregs største konsesjon for smolt, med løyve til å produsera 20 millionar sjødyktige settefisk og 52 millionar yngel.

Dette er eitt av anlegga Yvonne får smolten sin frå når ho har levert eit parti med slakteklar laks og er klar til å ta imot ein ny generasjon med fisk.

- I forkant av eit nytt utsett med smolt tek eg kontakt med driftsleiar Helge Daae. Ideelt sett tek eg med meg kollegaene mine og reiser ned for å "helsa på" dei nye fiskane våre. Då får me omfattande kunnskap om kva forhold smolten har vekse opp under, og har høve til å stilla spørsmål om alt det me lurer på. Slik kan me legga best mogleg til rette for smolten før han skal ut i merdane våre, smiler ho.

Før Yvonne får opp eit utsett med smolt til anlegget sitt, besøker ho Helge Daae ved Fjon Bruk for å helsa på den komande generasjonen. Foto: Tor Magne Lie

Før Yvonne får opp eit utsett med smolt til anlegget sitt, besøker ho Helge Daae ved Fjon Bruk for å helsa på den komande generasjonen. Foto: Tor Magne Lie

Helge Daae er driftsleiar på Fjon Bruk. Foto: Tor Magne Lie

Helge Daae er driftsleiar på Fjon Bruk. Foto: Tor Magne Lie

Fisken vert flytta ved hjelp av lange røyr og pumper noko som gjer laksen ei skånsam reise rundt på anlegget. Foto: Tor Magne Lie

Fisken vert flytta ved hjelp av lange røyr og pumper noko som gjer laksen ei skånsam reise rundt på anlegget. Foto: Tor Magne Lie

DEN FØRSTE DELEN av fisken sin livssyklus skjer i eit settefiskanlegg. Oppdrett av settefisken skjer innandørs i ferskvatn, og den raude rogna klekkar etter rundt 10 døgn.

Når fisken har ete opp plommesekken sin og er stor nok til å eta tørrfôr, vert han kalla yngel.

Etter kvart som fisken veks vert han flytta til større kar, før han til slutt vert smoltifisert og er klar til å setjast ut i sjøen.

Helge Daae er driftsleiar på Fjon Bruk. Foto: Tor Magne Lie

Fjon Bruk leverer yngel både til eksterne kundar og internt i Alsaker Fjordbruk, og Daae fortel at han er nøye med å velja ut rogn som har gode kvalitetar.

- Noko rogn har betre kvalitetar enn andre. Difor plar me å ta inn rogn frå tre ulike leverandørar: Mowi, Benchmark Genetics og AquaGen. Det tek om lag fire år å produsera ein stamlaks, og ein tileignar stamlaksen ulike eigenskapar og kvalitetar, forklarar han.

Fisken vert flytta ved hjelp av lange røyr og pumper noko som gjer laksen ei skånsam reise rundt på anlegget. Foto: Tor Magne Lie

Logstikken er ein viktig del av kvardagen på settefiskanlegget. Her er mange faktorar som skal takast omsyn til, heilt frå rogna klekker i skuffer saman med 17.000 andre, til han er stor nok til å sleppast ut i kar som rommar éin million yngel.

Alt blir overvaka og monitorert på settefiskanlegget. I kara er det kamera og ei rekkje sensorar, og slik kan dei tilsette følgja med på kva som skjer til ei kvar tid.

Heile 17.000 flotte rognkorn ligg den første tida i skuffer på settefiskanlegget.

Foto: John Asle Hansen

TILBAKE PÅ ANLEGGET i Klungervik har laksen til Yvonne nådd slaktevekt.

Ein brønnbåt kjem og hentar den sprellande fisken og fraktar han til Viking Fjord, slakteriet på Sunde. Kapasiteten her er på 15 tonn per time, og med skånsame metodar vert fisken avliva før han vert pakka og distribuert ut i verda.

På merdkanten i Klungervik står Yvonne tilbake, og i merden er overflata uvanleg roleg.

- Det er alltid litt vemodig å senda eit utsett til slakting. Det er jo "babyane" mine, og eg har sett dei veksa opp og følgt dei tett gjennom heile livet, seier ho med eit smil.

No ventar karantenetid og nedvask i merdane, før ein ny generasjon med sprellande smolt vert levert frå eit av settefiskanlegga, og får leva livets glade dagar i merdane til Yvonne.

Fjon Bruk får vatnet sitt frå Vigdarvatnet, ein av dei største vasskjeldene i Vestland. Vatnet held ein optimal PH, noko som gjer det perfekt til oppdrett. Ein treng difor ikkje å tilsetja kjemikaliar eller anna. Foto: Tor Magne Lie

Alsaker Fjordbruk produserer 38.000 tonn laks i året, noko som tilsvarar 200 millionar middagsporsjonar. Det er nok middagar til heile Sunnhordland kvar dag i 9 år. Foto: Tor Magne Lie

Når laksen går frå yngel til smolt forsvinn dei svarte «fingermerka», og han får blankt skinn. Denne fisken veg 157 gran og vert smolt om kort tid. Då er han klar for livet i sjøen. Foto: Tor Magne Lie

Brønnbåten Kristoffer Tronds vart levert i mars 2021, og er ein topp moderne brønnbåt med eit stort fokus på behandling av fisk, fiskehelse, hygiene og kvalitet. Her vitjar den Fjon Bruk i Sveio. Foto: Helge Daae

FAKTA OM ALSAKER FJORDBRUK

  • 4 settefiskanlegg
  • 23 matfisklokalitetar
  • Eige anlegg for produksjon av rensefisk på Onarheim i Tysnes kommune
  • Slakteri på Sunde i Kvinnherad
  • Eigne arbeidsbåtar og brønnbåt
  • Er eit av dei 20 største lakseoppdrettsselskapa i verda
  • Etablert av Gerhard Meidell Alsaker og faren Leiv Alsaker i 1986.