Satsar på akvakultur

I fjor vår braut tre kollegaer ut av sine trygge jobbar for å verta gründerar og satsa på prosjektering og konsulenttenester innan akvakulturbransjen.

Med Atheno Inkubator som støttespelar, har oppstarten gått over all forventning.

- DET HANDLAR OM å styra sin eigen arbeidsdag, seier Eirik Østerhaug og ser bort på kollegaene gjennom mange år, Kjell-Torodd Bremskau og Geir Ingolf Strand.

- Sjølv om det er mykje å setja seg inn i , og trass for at me har jobba svært mykje det siste året, har det vore godt å starta for seg sjølv.

ALDE AKVA: Eirik Østerhaug (f.v.), Geir Ingolf Strand og Kjell-Torodd Bremskau

ALDE AKVA: Eirik Østerhaug (f.v.), Geir Ingolf Strand og Kjell-Torodd Bremskau

Trioen sit i kontorlokalet sitt i Verket på Stord.

- Me bestemte oss tidleg for å jobba svært spissa med faga me har mest tyngde i. Me kompletterer kvarandre og etter å ha jobba saman i ti år, fungerer me svært godt som eit team. Det har vore avgjerande i oppstarten, meiner Bremskau.

GRÜNDER: Eirik Østerhaug i Alde Akva

GRÜNDER: Eirik Østerhaug i Alde Akva

GRÜNDER: Eirik Østerhaug i Alde Akva

DET BLÅ GRÜNDEREVENTYRET starta 1. september i fjor, noko etter skjema på grunn av koronarsituasjonen.

- I retrospekt var det nok positivt. Me fekk betre tid til å planleggja og kartleggja, slik at me kunne vera operative som bedrift frå dag éin. Det har nok vore ein medverkande årsak til at ting har lukkast, trur Bremskau. Han er eigentleg austlending, men har røter på Fitjar. Bestefar hans var i si tid med på å starta Fitjar Laks.

Kundesegmenta famnar om RAS-leverandørar, investorar, entreprenørar og oppdrettsselskap.

Dei siste åtte månadane har Alde Akva vore engasjerte i alt frå 3D-modellering, forprosjekt, byggherreleveransar, produksjonplanar og meir. Dei har også rukke å få ei sterk pallplassering i VIS og Sparebanken Vest sin gründerkonkurranse "Vestlandets beste idé 2020".

Kjell-Torodd Bremskau i Alde Akva sine lokale i Verket på Stord.

Kjell-Torodd Bremskau i Alde Akva sine lokale i Verket på Stord.

TRIOEN LEGG IKKJE SKJUL på at Atheno har vore avgjerande for satsinga.

- I etableringsfasen var Ahteno ein tydeleg vegvisar og sparringspartnar. Gjennom dei har me fått både rådgjeving og nettverk, og dei har bidrege til at me har kunna bygga grunnstrukturen i selskapet i rett rekkjefølgje, kommenterer Strand.

Kjetil Djuve, inkubatorleiar i Atheno, er klar på at Alde Akva tilfører verdi til næringslivet i regionen vår.

- Desse karane er svært fagsterke og veldig dyktige. For oss er det gull å få bedrifter som Alde Akva inn i inkubatoren. Det viktigaste for oss er at dei er med på å byggja nye arbeidsplassar - både som eiga bedrift, men også for andre bedrifter rundt seg.

Kjell-Torodd Bremskau i Alde Akva sine lokale i Verket på Stord.

For Alde Akva har det vore viktig å ha nokon i ryggen.

- Det har vore verdifullt å ha nokon som heiar på at me skal lukkast, anna enn familiane heime, smiler Bremskau. - I tillegg er det ein tryggleik å ha nokon ein kan gå til med spørsmål. Me er fagleg sterke innan vår bransje, men det er noko heilt anna å faktisk driva ei bedrift. Læringskurva har vore bratt.

Saman med Atheno jobbar dei no med å få på plass eit VR- og prosjekteringsrom i Verket på Vabakkjen, til stor nytte for både seg sjølv og resten av nettverket til Atheno.


INKUBATOR - Eit innovasjonsselskap som tilbyr gründerbedrifter og etablert næringsliv rådgjeving innanfor forretningsutvikling. Med tilbod om kontorplass, eit fagleg miljø og eit nettverk der ein vert kopla saman med andre bedrifter, akademia, FoU-miljø og investorar.

ME SPOLAR TI ÅR tilbake i tid, då tre unge menn vart kollegaer i akvakulturmiljøet hos Akvator AS, som sidan vart kjøpt opp av Multiconsult.

Dei vart ein samansveisa trio på den faglege biten, og vart etter kvart eit så godt team at alle tre sat med kjensla om at det ville vera utruleg kjipt om éin forsvann til ei anna bedrift.

Og det var slik det heile starta.

- Etter mange år i bransjen såg me eit behov for ein mindre aktør som kunne handtera prosjekt. Me ynskjer ikkje å vera ein direkte konkurrent til tidlegare arbeidsgivar, men ynskjer å framstå som ein effektiv og kunnskapsrik ressurs for oppdragsgivar.

Dei understrekar at tanken om å starta for seg sjølv har modna over fleire år.

- Grunntanken bak Alde Akva er at veriden vår saman er større enn om kvar enkelt av oss hadde flydd solo, slår Østerhaug fast.

Alde Akva kan hjelpa med små og store prosjekt innan akvakultur.

Alde Akva kan hjelpa med små og store prosjekt innan akvakultur.

MED ETTERTRAKTA KOMPETANSE og eit godt nettverk etter mange år i bransjen, viser det seg å vera liv laga for ein mindre aktør og sparringspartnar i akvakulturbransjen.

- Trykket me opplever frå marknaden gjer oss trygge på at kompetansen vår er ettertrakta, og at det vil vera arbeid for ei gründerbedrift som oss, seier Østerhaug, som alt som 15-åring bestemte seg for å jobba innan akvakultur.

Alde Akva kan hjelpa med små og store prosjekt innan akvakultur.

Eitt av dei største fortrinna er den store breidda Alde Akva har innan faget sitt.

- Me har praktisk erfaring frå fiskeoppdrett, planlegging og bygging av landbaserte oppdrettsanlegg, og freistar å vera ein komplementær aktør. Til saman har me over femti års erfaring i bransjen, og har vore borti eit hundretals ulike prosjekt. Dette gjer at me sit på ein unik kompetanse og erfaring på effektiv og slagkraftig prosjektgjennomføring - frå forprosjekt og detaljprosjekt til ferdig godkjent og idriftsatt anlegg, seier Bremskau.

ORDET "ALDE" TYDER BØLGJE eller dønning frå gamalt av.

- Me syntest det passa fint. Det gjenspeglar godt Geir Ingolf som elskar å padla kajakk i bølgjenge, humrar Bremskau. - Han nøyer seg ikkje med Fitjarøyane, der han bur. Han reiser ofte til havgapet på Bømlo, der sjøen ofte er røffare.

Dette er Alde Akva

EIRIK ØSTERHAUG (38)
Seniorrådgjevar akvakultur, M.Sc.

Bustad: Driv gardsbruk i Sveio
Sivilstatus: Gift, eitt barn
Interesser: Friluft, jakt og hund

GEIR INGOLF STRAND (42)
Seniorrådgjevar akvakultur, B. Sc.

Bustad: Fitjar
Sivilstatus: Gift
Interesser: Friluftsliv og jakt. Aktiv med kajakk

KJELL-TORODD FITJAR BREMSKAU (37)
CAD-spesialist

Bustad: Fitjar
Sivilstatus: Gift, to born
Interesser: Bilar, arkitektur og design, fysisk aktivitet og trening

ME HJELPER MED

  • 3D-visualisering
  • Sparringspartnar
  • Driftsoptimalisering
  • Forprosjekt
  • Rådgjeving
  • Analyser
  • Support
  • Kostnadsoverslag
  • Teikningsproduksjon
  • Byggherreombud
  • Illustrasjonar
  • Produksjonsplanar