Din lokalleverandør av båtutstyr

I Eriksøyro i Sagvåg har det vore aktivitet heilt sidan 1935. Her har tre generasjonar Aasheim drive med båt: frå båtbyggjeri til opplag, service og sal av motorar og fritidsbåtar i dag.

Steinar Aasheim driv Aasheim Slipp i Sagvåg.

Det heile starta med Aasheim & Valvatne Skipsbyggeri på 30-talet. Til saman vart det bygd 14 trebåtar. Etter krigen fekk ein ikkje byggja nye båtar, og dreiv i staden med reparasjon og vedlikehald. Drifta vart lagt ned på 50-talet. I 1985 overtok Hans og Steinar Aasheim drifta av staden, og starta i det små med slipp av båtar.

Sidan har verksemda vakse, og i dag driv ein med service på båt og motorar, sal av Evinrude-motorar og fritidsbåtar av merket Sting.

På omrdået står det båtar i opplag på rad og rekkje.

- Me har plass til rundt 50 båtar i opplag. Då pakkar me dei i krympeplas, og båteigar treng ikkje bekymra seg for kalesje eller at båten får hard medfart i vinterhalvåret, seier Aasheim.

Steinar Aasheim

Steinar Aasheim driv Aasheim Slipp i Sagvåg.

Steinar Aasheim driv Aasheim Slipp i Sagvåg.

Pål Kristensen

Pål Kristensen er mekanikar hos Aasheim Slipp.

Pål Kristensen er mekanikar hos Aasheim Slipp.

Denne båten har vore inne på service.

Denne båten har vore inne på service.

Er du på utkikk etter ny båt, har Aasheim Slipp eit stort utval av merket Sting.

- Sting er gode fritidsbåtar som passar godt til skjergarden vår og båtlivet her i regionen. Det er opne båtar som passar like godt til hytta som til fiskebåt. Dei er solide og driftssikre, og du kan velja mellom mange ulike modellar og utstyrsnivå. Du kan også tilpassa ytelse etter ønskje med Evinrude-motorane. Det er gode båtar til ein rimeleg pris, fortel Aasheim.

Pål Kristensen er mekanikar hos Aasheim Slipp.

Evinrude er totaktsmotorar. Desse veg mindre enn andre motorar, og får båten raskt opp i plan. Ny teknologi gjer dessutan at totaktarane ikkje forureiner eller brukar meir drivstoff samanlikna med andre motorar.

Aasheim Slipp fører også merker som Watski, Sleipner, Belamarin - og utfører service på alle typar.

- Tidene har endra seg, og service på motorar er blitt meir komplisert. Ein treng solid teknisk forståing og høg kompetanse. Det er mykje elektronikk involvert i dag, seier Aasheim - og skryt over dei fagkyndige tilsette.

Når det kjem til båtutstyr har verksemda eit imponerande stort utval, og loser gjerne kundane sine til å velja rett utstyr.

Denne båten har vore inne på service.

I alle år har Aasheim Slipp vore sentrum for eit yrande båtmiljø. Fellesnemnaren har vore båt - og det er mykje kunnskap og erfaring som sit i veggene på det gule huset.

No er Aasheim passert pensjonsalder med god margin og ønskjer å trekkja seg tilbake. Det er med tungt hjarta han har bestemt seg for å selja den tradisjonsrike verksemda.

- Det må vera rett kjøpar. Eg må finna ein som kan overta, som vil driva dette vidare. Så om det er nokon der ute, må ein gjerne ta kontakt, avsluttar han.

Sting 470 Pro - Evinrude 25 HK. Kr. 96.200,-.

Sting 535 Pro - Evinrude 40 HK. Kr. 148.000,-

Sting 485 S - Evinrude 40 HK. Kr. 176.800,-.

Sting 600 Pro - Evinrude 50 HK. Kr. 174.000,-.

Sting 600 Pro HT - Evinrude 50 HK. Kr. 212.000,-.

Sting 630 FT - Evinrude 115 HK. Kr. 460.500,-.

Sting 530 S - Evinrude 50 HK. Kr. 220.200,-.

sting 470 pro båt

Sting 470 Pro - Evinrude 25 HK. Kr. 96.200,-.

Sting 470 Pro - Evinrude 25 HK. Kr. 96.200,-.

Sting 535 Pro

Sting 535 Pro - Evinrude 40 HK. Kr. 148.000,-

Sting 535 Pro - Evinrude 40 HK. Kr. 148.000,-

Sting 485 S

Sting 485 S - Evinrude 40 HK. Kr. 176.800,-.

Sting 485 S - Evinrude 40 HK. Kr. 176.800,-.

Sting 600 Pro

Sting 600 Pro - Evinrude 50 HK. Kr. 174.000,-.

Sting 600 Pro - Evinrude 50 HK. Kr. 174.000,-.

Sting 600 Pro HT

Sting 600 Pro HT - Evinrude 50 HK. Kr. 212.000,-.

Sting 600 Pro HT - Evinrude 50 HK. Kr. 212.000,-.

Sting 630 FT

Sting 630 FT - Evinrude 115 HK. Kr. 460.500,-.

Sting 630 FT - Evinrude 115 HK. Kr. 460.500,-.

Sting 530 S

Sting 530 S - Evinrude 50 HK. Kr. 220.200,-.

Sting 530 S - Evinrude 50 HK. Kr. 220.200,-.

Sju modellar av båtmerket Sting

Øvst frå venstre: Sting 470 Pro (Evinrude 25 HK) kr. 96.200,-, Sting 535 Pro (Evinrude 40 HK) kr. 148.000,-, Sting 485 S (Evinrude 40 HK) kr. 176.800,-, Sting 600 Pro (Evinrude 50 HK) kr. 174.000,-, Sting 600 Pro HT (Evinrude 50 HK) kr. 212.000,-, Sting 630 HT (Evinrude 115 HK) kr. 460.500,- og Sting 530 S (Evinrude 50 HK) kr. 220.200,-.

Aasheim Slipp tilbyr

Båt - Service - Verkstad - Kran - Slipp - Vinteropplag

Opningstider:
Måndag - fredag: 09 - 16
Laurdag: 10 - 13

post@aasheimslipp.no
Tlf. 534 93 518
www.aasheimslipp.no