Årets gledesspreiarar

i julestria!

Sunnhordland sine lesarar har kåra Øyvind Dahl og dei tilsette i ferskvaredisken på Spar Ådland til "Årets gledesspreiarar" i julestria på Stord.

I desember har marknadsavdelinga i Sunnhordland hatt ein konkurranse, der lesarane har kunna stemma på kven dei meiner fortener å verta "Årets gledesspreiarar" i julestria på Stord. Ynskjet var å setja fokus på den eller dei som gjer julehandelen ekstra triveleg.

Det har kome inn mange gode nominasjonar, og det er tydeleg at øya vår er full av kvardagsheltar som gjerne yter det vesle ekstra, og som folk veit å setja pris på, anten det er i julestria eller elles i kvardagen.

Det var daudt løp mellom Øyvind Dahl og dei tilsette i ferskvaredisken på Spar Ådland - og dei kan smykka seg med den gjeve tittelen.

Øyvind Dahl vart kåra som ein av årets gledesspreiarar. Den røynde sjåføren har jobba hos Spar Ådland i 25 år.

Øyvind Dahl vart kåra som ein av årets gledesspreiarar. Den røynde sjåføren har jobba hos Spar Ådland i 25 år.

Øyvind Dahl vart kåra som ein av årets gledesspreiarar. Den røynde sjåføren har jobba hos Spar Ådland i 25 år.

Smittande humør

- Dette var veldig kjekt, seier ein overraska Øyvind Dahl då marknadsavdelinga kjem innom med ei lita merksemd like før jul.

Den røynde sjåføren har vore tilsett i 25 år, og er eit kjend ansikt for mange, og er ein verdsett medarbeidar i butikken. tillegg har han faste utkøyringar til mange bedrifter og private på øya, og kundane set stor pris på han.

I grunngjevingane som kom inn, vert det trekt fram både punktlege leveringar og eit svært smittande og godt humør.

- Ja, no vart eg veldig glad. Det er smigrande, smiler Liverpool-supportaren.


Øyvind Dahl leverer varer til avtalt tid, kvalitet og pris. Eit imponerande godt humør. Her snakkar me kvalitet i alle ledd. Terningkast 6!
Håvard Kvarme - innsendar i konkurransen.

Håkon Kvasnes (t.v.) og dei andre i ferskvaredisken på Spar Ådland vart kåra til "Årets gledesspreiarar" saman med Øyvind Dahl (t.h.).

Alltid gode råd

Også Håkon Kvasnes, ferskvaresjef hos Spar Ådland, vert overraska då marknadsavdelinga kjem innom. Dei tilsette i ferskvaredisken har utmerka seg på ein god måte - og det vert trekt fram at kundeservicen er svært god, samt at dei tilsette alltid tek seg tid til å svare på spørsmål og kome med tips og råd.

- Så hyggeleg! strålar Kvasnes.

Det er travle tider i ferskvaredisken før jul. Bak disken heng pinnesidene tett, og butikken reknar med at dei vil selja rundt 2000 pinnesider, eller sju tonn med pinnakjøt, før høgtida. I disken bognar det også av smakfullt julepålegg og eit stort utval av ostar.

At kundane kjenner på stresset før jul, ser Kvasnes lite til.

- Kundane er blide og laidback. Dei verkar ekstra glade no fram mot høgtida, og det er hyggeleg når folk kjem innom for råd og hjelp, smiler han.

Dei har ALLTID tid til deg når du spør om hjelp & råd.
Wenke Åse - innsendar i konkurransen.
Håkon Kvasnes og Øyvind Dahl ved Spar Ådland

Håkon Kvasnes (t.v.) og dei andre i ferskvaredisken på Spar Ådland vart kåra til "Årets gledesspreiarar" saman med Øyvind Dahl (t.h.).

Håkon Kvasnes (t.v.) og dei andre i ferskvaredisken på Spar Ådland vart kåra til "Årets gledesspreiarar" saman med Øyvind Dahl (t.h.).

Desse vann kvar sitt gåvekort på kr. 1000,-!

  • Håvard Kvarme
  • Wenke Åse